Fødd i feil kropp

I morgon viser TV2 tredje episode av dokumentaren “Født i feil kropp”. Dokumentaren fortel om modige menneske som tør å vera den dei er og leva det livet dei ønskjer, på tvers av samfunnets forventningar til kjønn og biologi.

Dokumentaren er rørande, men ikkje tragisk. Identitet, uubertet og parforhold kan til tider vera utfordrande for dei fleste, men livets små og store utfordringar får ein ekstra dimensjon for dei som opplever at dei er fødde i feil kropp. Likevel; dokumentaren handlar ikkje først og fremst om avvisning, isolasjon og fordømming. Først og fremst er det fortellingar om foreldre og partnarar som elsker, forstår, lytter og støtter:

Det første mora til Kim-Andre tenkjer når ho får vita at barnet hennar har byta frå jentenamn til gutenamn er: “Har du gått og bore på dette åleine så lenge!” Faren til Lise Marie er ikkje lei seg for at sonen valde å bli den dotter ho kjenner seg som. Faren gret fordi han så gjerne ville vore meir til støtte, meir til hjelp og forstått tidlegare. Emma fortel om då ho først skjøna at ho var født i feil kropp: “Da sendte jeg en melding til mamma, og så fiksa vi det”. Hurra for alle fantastiske, forståelsesfulle og lyttande foreldre som er der for ungane sine i tjukt og tynt. De gjer verda til ein betre stad!

Gutar og jenter møter heilt ulike forventningane til korleis dei skal kle seg, te seg og kva og kva dei skal leika med. Ein kan få inntrykk av at media, foreldre, barnehagar og jamnaldringar tek del i ein storstilt kampanje for å få oss alle til å vera jenter og gutar på den “rette” måten. Heldigvis er det nokon som nektar å spela den rolla dei er venta å spela.

Det er ikkje berre for dei som er fødde i feil kropp at den rigide inndelinga i rosa og blått, prinsesse og actionhelt, jente og gut, kvinne og mann kan kjennast som ei tvangstrøye og ei begrensing. Medan eg lyttar til alle dei vakre menneska i denne dokumentaren, kan eg ikkje la vera å lura på korleis livet ville vore dersom samtida hadde vore litt mindreopphengt i fargekoding av babyar og så bortetter.

For som foreldra i dokumentaren viser oss, så betyr det trass alt ikkje så mykje om dei me elskar er han eller ho, heiter Ola eller Aisha eller kler seg i rosa kjole eller romslege dongribukser. Det som betyr noko er å få leva det livet ein ønskjer og bli akseptert for den ein er.

Illustrasjonsfotoet har tittelen “Pink and Blue”, er teke av Rex Boggs og er tilgjengeleg under CC BY-ND 20.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content