Fråvêrande fedre og valdelege søner

“Dersom gutter skal bli menn, men ikke voldsmenn, er det mye som taler for at fedre er viktige” skreiv pensjonert sosiolog Sigurd Skirbekk i Aftenposten 25. februar. Han viser til at høvesvis 72 og 60 prosent av amerikanske mordarar og valdtektsmenn har vakse opp utan kontakt med far, og konkluderer med at det er en samfunnsrisiko å sidestilla “andre familieformer” med ein tradisjonell kjernefamilie med mor, far og barn. I kveld var han invitert til Dagsnytt 18 for å diskutera det spørsmålet med meg.

Eg har nokre innvendingar til Skirbekk sitt faktagrunnlag, resonnement og konklusjonar.

Den 30 år gamle forskinga som Skribekk viser til, “Life without Father: America’s Greatest Social Catastrophe” tilhøyrer ei tid og ein tradisjon der skilsmisser, åleinemødrer, særleg svarte åleinemødrer, får skulda for dei fleste sosiale problem, og kor barn blir omtalt som “product of illegitimate birth”.

Dessutan er der nokre opplagte innvendingar mot årsaksforklaringa Skirbekk presenterer, nemleg at fråvêret av en mannleg forelder i seg sjølv skulle vera ei viktig årsak til valdskriminalitet. Det godt kjent frå valdsforskninga at sosial marginalisering, slik som rus, fattigdom, vald, konflikt, og generelt vanskelege oppvekst- og levevilkår, gir større risiko for å utøva vald. Det er grunn til å tru at slik marginalisering samanfaller med større risiko for samlivsbrot og brot i relasjonar mellom foreldre og barn.

Det er liten tvil om at det kan vera traumatiserande for barn å oppleva konflikt, samlivsbrot eller å bli forlatt og svikta av ein av foreldra. I ein del tilfelle er det dette som har skjedd når far er fråvêrande. Men det er noko heilt anna enn å vera unnfanga ved hjelp av sæddonor og voksa opp i ein familie med ei eller to mødrer. Det er forska ein god del på korleis det går med dei av oss som veks opp med foreldre av same kjønn, og konklusjonane er relativt eintydige: Det går like bra som med barn som veks opp med ein far og ei mor. Det er ikkje biologisk forelderskap, foreldra sitt kjønn eller seksuelle orientering som er avgjerande. Det som betyr noko er å ha stabile, trygge og omsorgspersonar som er emosjonelt tilstades, og fråvêr av fattigdom, konflikt, vald og omsorgssvikt.

Skirbekk er bekymra for at me ikkje diskuterer konsekvensane av “andre familieformer” i Norge. Men det er nok av stemmar i den norske debatten som har hevda at familiar som bryt med normene for den tradisjonelle kjernefamilien er eit samfunnsproblem. Skeive foreldre og barn med skeive foreldre opplever stadig å måtte forklara og forsvara at familien og barneoppdragelsen er god nok. Eg kjenner ikkje til tilsvarande studie av single mødre som har fått barn ved assistert befruktning, men eg kan tenkja meg at dei av oss som er i den situasjonen stadig vekk må forklara og forsvara at ungane har det bra.

Kva faktorar er avgjerande for at barn skal ha trygge og gode oppvekstvilkår som legg til rette for gode voksenliv? Det er eit utruleg viktig spørsmål som me faktisk veit ganske mykje om. Nyare forsking viser at foreldra sitt kjønn, seksuelle orientering eller biologisk forelderskap ikkje er det avgjerande. Og heldigvis er norske fedrar i dag i stor grad nærvêrande foreldrar som tek aktivt del i omsorgen for sine barn frå dei er heilt små, på ein heilt anna måte enn tidlegare generasjonar fedrar.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Dag 54 Smiiil av Tormod Ulsberg, CC BY-NC-ND 2.0.

3 thoughts on “Fråvêrande fedre og valdelege søner”

  1. Jeg har stor respekt for at du tar disse synspunktene såpass på alvor, at du faktisk diskuterer det i bloggen din. Dette vitner om en edel og rettskaffen person. Selv blåste jeg bare gjennom nesen da jeg hørte dette sprøytet på dagsnytt atten i går. Bare det å sammenligne dette utvalget, som later til å bestå utelukkende av amerikanske drapsmenn, med gutter som vokser opp hos norske alenemødre, virker ganske lite gjennomtenkt.

  2. Ragnhild igjen

    Klarer ikke la være å poste enda en kommentar. Artikkelen “Life without father” av Davidson er tydeligvis løsningsorientert “Finding husbands for these mothers would be the single most effective strategy for sharply reducing the incidence of poverty. ” Tekst funnet på første side.

  3. Jeg savner en litt mere helhetlig analyse. Hvor stor sannsynlighet er det at disse fedrene hadde en god dose psykopat/narsissisme (dette ligger faktisk i gene) eventuelt ADHD, Touretts som også vil virke inn på vold, mangel på impulskontroll osv. Dette er for ensidig fokusert på miljø. Tror kanskje disse mennene hadde en bedre sjans til å bli “gode” uten fedrene til stede om de har slike diagnoser.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content