Marta Vassbø, min kjære mamma, fyller 60 år i dag. Gratulerer og tre gonger tre hurra! Som de ser er jubilanten uforskamma vakker, sprek og i god stand. Mamma er dessutan min mest trufaste fan og lesar i bloggosfæren, så det er heil på sin plass med eit bursdagsinnlegg på dagen!
Til stor glede for familien ville mamma feira runde år med å invitera oss alle med på ferie til Italia. I førre veke var me derfor samla heile gjengen, mamma, pappa, eg, brørne mine Askild, Håkon og Ingvar med partnarar og ungar i ein gamal villa i fjellet i Toscana.
Her var der god plass, stort utebord i skuggen, fjell på alle kantar, stort badebasseng og ikkje alt for varmt. Heilt perfekt for Eggebøklanen, med noko for ein kvar smak, både for store og små.
Mamma er ei super mormor og farmor for Magnus og søskenbarna hans, og gjett om dei alle har kosa seg på Italiatur. Det beste med Italia frå den aller minste sitt perspektiv trur eg må ha vore besteforeldre, basseng og store mengdar is!
Apropos is. Johanne på to og eit halvt har fått med seg eit og anna når det gjeld språk og har elegant, på den måten som er typisk for latinske språk, trekt saman litt vokalar og erklært at der er “is på´talia”. Den frasen har me andre repetert heile veka i mange versjonar: Is på´talia! Skål´på talia! Og heldigvis ikkje så varmt på´talia.
Bursdagen feira me på torsdag i førre veke med heimelaga krune, bursdagsfrukost, bursdagslunsj, bursdagsbad og ekte italiensk kokk til laga bursdagsmiddagen. Den heimesnekra bursdagssongen, som me ungane komponerte i god gamal norsk konfirmasjons- og jubileumsstil gjekk sjølvsagt på referenget “Gøy på´talia!” (mel. Gøy på landet!).
Eg trur me alle er samde om at det var ein fin tur og er jysla glade for at du mamma hadde lyst til å feira bursdagen i lag med oss alle. Det vart jo minst like mykje ei gåve til oss alle frå deg. Gratulerer med dagen – også i dag på den verkelege dagen!
Foto: Helga Eggebø
Ser dere hadde flotte dager sammen i vakre Italia! Hilsen Bodil
Kos dere i Italia og nyte dagen!