Det finst ein omfattande forskingslitteratur som viser at kvinner er meir utsett for klimaendringar. Mykje av den forskinga handlar om fattige kvinner i det Globale Sør ettersom det er aktivistar og forskarar frå den konteksten som har vore pionerar på dette forskingsfeltet.
No byrjar forskarar og politikarar i det Globale Nord å få auga opp for at kjønn og sosial ulikskap meir generelt heilt sentralt for å forstå haldningar, forbruk og makt i klima- og naturpolitikken. Men reint empirisk har forskinga frå det Globale Sør avgrensa overføringsverdi til norske og europeiske tilhøve.
Likestillingsintegrering
Då eg byrja jobba med dette forskingsfeltet i 2019 spurde me oss sjølv: Er kjønnsperspektiv relevant i norsk klimapolitikk? Mari Teigen og eg hadde tidlegare jobba i lag i det regjeringsoppnemnte Likestillingsutvalet og i dette arbeidet hadde ikkje klima og natur vore på dagsordenen i det heile.
I mange tiår har norske regjeringar sin hovudstrategi for likestillingsarbeidet vore såkalla likestillingsintegrering. Det betyr at «offentlige myndigheter skal i all sin virksomhet arbeide aktivt, målrettet og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering (og) redegjøre for hva de gjør for å integrere hensynet til likestilling og ikke-diskriminering i sitt arbeid» (likestillingsloven 2017 § 24). Arbeidet med å implementera FNs berekraftsmål peikar i same retning: Mål 5 om likestilling skal integrerast i alle dei 17 måla.
I klartekst betyr dette at Klima- og miljødepartementet, Energidepartementet, Samferdselsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartemenentet har eit lovpålagt ansvar for å jobba aktivt med likestilling på sine sektorområde, akkurat som alle andre departement, fylkeskommunar og kommunar. Men Likestillingsutvalet sitt arbeid viste at mange av departementa i liten grad oppfyller denne aktivitetsplikta på nokon systematisk og meiningsfylt måte.
Er kjønnsperspektiv relevant her?
Aase Kristine Lundberg, Mari Teigen og eg sette oss føre å gjera ei systematisk undersøking av følgjande spørsmål:
- Blir kjønnsperspektivet gjort relevant i klimapolitiske dokument?
- Korleis kunne kjønn og klima vore knytt saman i politikken?
- Finst det motsetningar mellom måla i norsk likestillings- og klimapolitikk?
Me har undersøkt følgjande dokument: Sentrale norske klimapolitiske og likestillingspolitiske dokument, samt implementeringa av FNs berekraftsmål. I tillegg har me analysert overnasjonale dokument: FNs berekraftsmål, klimakonvensjonen og Nordisk ministerråds «summit declaration» om klima og likestilling.
Nullfunn
Når det gjeld dei norske dokumenta var resultatet eit nullfunn. Det blir gjort så godt som null koplingar mellom klima, kvinner og likestilling. Men det er nokre få unntak:
I likestillingsmeldinga frå 2013 står det «at klimaforhandlingene skal ha et tydelig likestillingsperspektiv». Og i den siste Stortingsmeldinga om klima står det følgjande:
Analysar syner at eit kosthald som er meir i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet enn i dag, vil kunne redusere klimagassutsleppa med 2,9 millionar tonn for perioden 2021–2030. (…) Om lag 55 prosent av mennene og 33 prosent av kvinnene et i dag meir raudt kjøt og foredla kjøtvarer enn kva som er tilrådd for helsa.
Unntaket som stadfestar regelen
Sitatet indikerer at kjønn er en viktig dimensjon i arbeidet for å redusere klimautslippene. Men kjønnsperspektivet blir ikkje diskutert i andre delar av meldinga og ikkje teke opp i konklusjonar, samandrag eller hovudpunkt.
Sitatet over blir derfor unntaket som stadfestar regelen: Klimapolitikken følgjer ikkje det lovpålagde ansvaret for å arbeida aktivt og målretta for likestilling på sine samfunnsområde.
Fattige kvinner blir hardt ramma
I dei internasjonale dokumenta fann me derimot koplingar mellom kjønn og klima. UN Women har laga ein rapport om likestillingsintegrering (gender mainstreaming) av berekraftsmåla, og her inngår også kjønnsperspektiver på klima og miljø.
Døma fokuserer på fattige kvinner i det Globale Sør som har dårlegare tilgang til vatn, ved og mat på grunn av klimaendringar. Men i rapporten er det ingen døme på korleis kjønn er relevant for klimapolitikken i det Globale Nord. Det er det derimot i rapporten «Gender and climate» som Nordisk ministerråd publiserte såpass langt tilbake som i 2009.
Kva kunne stått om klima og likestilling?
I lys av dei overnasjonale dokumenta og det som finst av relevant forsking har me nokre forslag til kva som kunne stått om kjønn og klima i norske politiske dokument:
For det første viser forskninga at menn og kvinner kan bli ramma ulikt av klimaendringar også her. Studie frå Australia og Sverige har vist at primærnæringar som kvegdrift og reindrift blir ramma særleg hardt av klimaendringar og dette er mannsdominerte næring. For menn i utsette næringar er både livsgrunnlag og identitet truga.
For det andre er det dokumentert at menn og kvinner har ulike transportmønster. Menn kjører i snitt meir bil enn kvinner. Det henger sammen med kjønnsforskjeller i inntekt, arbeidsstad, barneomsorg og dessuten preferanser. Kjønnsforskjellar i klimafotavtrykk er også dokumentert når det gjelder energiforbruk, matforbruk, bolig og fritidsaktiviteter.
For det tredje viser forskinga at menn er overrepresentert i internasjonal klimaforskning og klimaforhandlingar. I Skandinavia er det relativt god kjønnsbalanse i miljøforvaltningen, men viktige sektorar som energi, olje og transport syner mannsdominans i politikk, forvaltning, investering og sysselsetting.
For det fjerde dokumenterer eksisterande forskning også tydelige forskjeller i kunnskap om og haldninger til klimaendringer og klimapolitikk. Menn har gjennomgående mindre tru på at klimaendringane er menneskeskapte og er mindre villige til å prioritere klimapolitiske tiltak. I ei klassisk studie blir dette omtalt som «the white male effect».
Inntekt, kjønn og klasse
I jakta på kjønns- og likestilingsperspektiv i klimapolitikken vart det tydeleg for oss at klimapolitiske dokument ikkje berre manglar kvinner. Det er ein slåande mangel på folk: Det handlar om kvoter, teknologi, elbilar, issmelting og atmosfæriske prosesser. Det blir slått fast at klimaendringane er «menneskeskapte», men menneske og maktforskjellar mellom ulike grupper er stort sett fråværeade. Til dømes fann me ein skatte- og avgiftsdiskusjon heilt utan at sosial ulikskap og omfordeling vart nemnt. Det er oppsiktsvekkande når norsk skattepolitikk historisk sett har hatt omfordeling som viktigaste formål.
Forskinga viser at det ikkje alltid er kvinner som blir hardast ramma og at kjønn ikkje er det einaste som er relevant her. Inntekt har alt å seia for forbruk og utslepp. Alder har mykje å seia for haldningar og politiske preferansar. Innvandrarbakgrunn kan også ha betydning: Det er mykje som tyder på at folk med innvandrarbakgrunn – særleg folk som er nokså nye i landet – har mindre tilgang på bil og derfor oftare interesser av gode kollektive transportordningar.
På kollisjonskurs?
Til sist vil eg løfta fram spørsmålet om kor vidt det alltid er sånn at gode formål – som likestilling, miljø og natur – alltid går harmonisk i hop. Norsk likestillingspolitikk har i hovudsak vore tufta på å få kvinner i jobb på lik linje med menn, og i den grad ting endrar seg i retning av likestilling er det fordi kvinner blir likare menn. Problemet med det i eit klima- og miljøperspektiv er at då vil også kvinners gjennomsnittlege forbruksmønster og fotavtrykk nærma seg menn. Økofeminismen har aldri stått sterkt i Noreg, og mykje av klima- og miljøpolitikken har «grøn» vekst og auka sysselsetting som premiss. Dersom kjønnsperspektiv blir teke på alvor i klimapolitikken kan det koma til å visa seg at norsk likestillingspolitikk ikkje nødvendigvis er på ein berekraftig kurs.
Teksten er basert på artikkelen “Gaps and silences. Gender and Climate Policies in the Global North”.
Foto: Karoline O.A. Pettersen, Helga Eggebø, UK Department for International Development og Hillel Steinberg