Kollektiv kvalitativ analyse – ein metode i fire trinn

Som doktorgradskandidat hugsar eg at eg kjente meg overvelda og rådlaus den dagen eg hadde samla inn alle data og sat der med fleire hundre sider transkripsjonar og feltnotat. Dessutan kjende eg meg så åleine. Fleire med meg har skildra uvisse og forvirring i møte med eit kvalitativt datamateriale, og analysearbeidet har blitt skildra som eit «mysterium».

I samarbeid med kollegaer har eg i løpet av dei siste åra utvikla ein metode for å ta fatt på analysemysteriet i lag. Eg har kalla metoden «kollektiv kvalitativ analyse», og den har fire trinn: 1) felles gjennomgang av datamaterialet, 2) temakartlegging, 3) temagruppering og 4) disposisjon og arbeidsplan. Me har jobba oss gjennom desse trinna på 1-2 dagars arbeidsmøte, rett etter at me har samla inn alle data.

Første trinn består i at forskargruppa legg fram samandrag av datamaterialet. Den som har gjort det aktuelle intervjuet eller den aktuelle observasjonen, presenterer samandraget for dei andre. Ein av dei andre noterer stikkord på eit A3-ark og hengjer dei opp på veggen fortløpande. På denne måten blir omfanget av og mangfaldet i data ein konkret realitet i rommet.

Andre trinn går ut på å kartleggja temaa i datamaterialet. Etter gjennomgangen koker hovuda av tankar og idear, og desse skal ned på papiret og opp på veggen. Prosessleiaren inviterer deltakarane til å skriva eit tema som overskrift på eit stort ark (flippover). Deretter noterer gruppa stikkord under temaet og aktuelle intervju som handlar om dette temaet. Slik held ein fram til gruppa kjenner seg «tømt» for idear.

Trinn tre går ut på å gruppera tema som høyrer saman, ved å flytta temaarka på veggen. Årøra seg rundt i rommet kjennest stimulerande for tankearbeidet. Det er forløysande med fysisk arbeid!

Fjerde og siste trinn på arbeidsmøtet er å laga ein disposisjon og arbeidsplan for skrivearbeidet. Me har brukt dei grupperte temaa som utgangspunkt for å finna fram til overskrifter og problemstillingar, og sit igjen med eit heilt konkret resultat: ein disposisjon for skrivearbeidet og ein plan for arbeidet.

Kollektiv kvalitativ analyse har hjelpt oss til å få oversikt over breidda i datamaterialet og sjå kva som kan vera vårt bidrag til forskinga. Ved å ta fatt på analyseprosessen i fellesskap har me hindra at kvar og ein blir sittande åleine i uvissa og bla forvirra i – eller koda seg i hel – på side etter side med transkripsjonar. Me har ikkje kome unna at skrivearbeidet etterpå kan vera både forvirrande og krevjande. Men eit felles arbeidsmøte er eit godt startpunkt som opnar opp for ein felles, kreativ analytisk prosess.

Denne hausten har eg prøvd ut kollektiv kvalitativ analyse som i rettleiingsarbeid. Cordula Karich (stipendiat ved Nord universitet) og eg arbeidde oss gjennom alle dei fire trinna i prosessen då ho hadde samla inn sine data. Cordula peika på at dette var ein nyttig og annleis måte å jobba på: Ein arbeider ikkje med ei fil på ein dataskjerm. Datamaterialet – både dei enkelte intervjua og hovudlinjene – er i rommet. Dessutan er ein ikkje åleine. «Du hadde sett deg inn i datamaterialet, og då kunne me tenkja saman. Det kjendest som om me tenkte saman».

Vår erfaring har vore at kollektiv kvalitativ analyse har vore ein effektiv, grundig og påliteleg måte å starta analysearbeidet på, anten ein er student, doktorgradskandidat eller forskar. Derfor har eg lyst til å invitera andre til å ta i bruk metoden og vera med på å utvikla kollektive arbeidsmetodar i det ofte så einsame akademiske arbeidet.

Kjelde: Eggebø, Helga (2020) «Kollektiv kvalitativ analyse», Norsk sosiologisk tidsskrift 4(2): 106-122.

Teksten vart først publisert på Forskerforum.no 30. november 2020.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content