Kva er permanent opphald og kva rettar får du?

Det viktigaste med permanent opphald er at du har rett til å bli verande i Noreg uavhengig av grunnlaget for det opphaldsløyvet du har hatt. Dette har forskjellige implikasjonar avhengig av innvandringskategori:

  • Kom du som ekteskapsinnvandrar kan du bli i Noreg sjølv om forholdet tek slutt
  • Kom du som arbeidsinnvandrar kan du bli i Noreg sjølv om du mistar jobben
  • Kom du som flyktning kan du bli i Noreg sjølv om norske myndigheiter skulle meina det er trygt å reisa tilbake

Alle sparer dessutan ein del pengar på å sleppa og søkja om stadig nye opphaldsløyve. Eit løyve er gyldig for 1-3 år om gongen og fornying kostar følgjande:

  • 4400 for ekteskapsinnvandrarar
  • 6300 for arbeidsinnvandrarar
  • 0 for flyktningar

Det skal også litt meir til å bli utvist dersom du har permanent opphald. Følgjande er ikkje lenger utvisningsgrunn når du har fått innvilga permanent opphald:

  • Lovbrot som kan føra til fengsel i mindre enn 2 år
  • Brot på straffelovens §168 (om brudd på oppholds- og kontaktforbud)
  • Brot på straffelovens  § 271 (om kroppskrenking)
  • Brot på strafeflovens § 380 om grovt uaktsomt skattesvik
  • Alvorlege brot på vegtrafikkloven

Med permanent opphald har du også større fridom til å reisa utanlands. For å kvalifisera til permanent må du nemleg ikkje ha vore utanlands i meir enn sju månader i løpet av dei siste tre åra. Med permanent opphald er grensa på to år i utlandet.

Kva må du så gjera for å få permanent opphald? For det første må du ha eit løyve som dannar grunnlag for permanent opphald. Det er det ein heil del ulike løyve som ikkje gjer. Til dømes:

  • Opphaldsløyve for au-pair
  • Opphaldsløyve på grunn av kollektiv mellombels beskyttelse
  • Opphaldsløyve for studentar
  • Opphaldsløyve for einslege mindreårige asylsøkjarar som ikkje kan sendast tilbake fordi dei manglar omsorgspersonar
  • Opphaldsløyve som er avgrensa på grunn av ID-tvil

Punkt éin dersom du har eit slikt løyve er å koma deg over på eit anna opphaldsløyve, til dømes som familieinnvandrar, flyktningstatus eller arbeidsmigrant. Deretter må du oppfølgja desse vilkåra:

  • Halda deg i Noreg i minst 2 år og 5 månader av dei siste 3 åra
  • Ha budd lovleg i Noreg i minst 3 år
  • Ha budd lovleg i Noreg i minst 5 år dersom du er flyktning eller familiegjenforeint med flyktning
  • Ha tent minst 2,5G siste likningsår, det vil i 2024 seia over 310.070 kr
  • Bestått prøve i norsk og samfunnskunnskap
  • Ikkje utført alvorlege brot på vegtrafikkloven, lovbrot som kan føra til 1 års fengsel eller meir, eller brot på ei liste med paragrafar spesifisert i utlendingslovens §68

Foto: Karoline O.A. Pettersen for forskningsprosjektet REMIMO

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content