Det var berre 5 år sidan den nye vegen vart opna: «Enjoy Lofoten National Bicycle Road», merka med kortnamnet ES1, for European Sustainable Road 1. Noreg hadde stått i spissen for eit historisk europeisk satsing på berekraftig transport, og vegen vart vedteken og prosjektert med brask og bram.
For å få fart i sakene hadde ministeren etablert selskapet «Nye Sykkelvegar» etter modell av det no nedlagte «Nye veier». Det var meir enn eit problem med denne nyliberale organiseringsmodellen, men det hadde vore ein berebjelke i det tverrpolitiske kompromisset og fått fart i sakene.
Det hadde ikkje vore til å unngå at litt meir natur vart øydelagd på kvar side av den gamle bilvegen. Ein del nye skjeringar i landsskapet, nye bruprosjekt, fleire tunellar og så bortetter. Men det var i alle fall ikkje snakk om å utvida den gamle bilvegen noko meir. Bubilar hadde ikkje blitt eit mindre vanleg syn enn det hadde vore før, men mesteparten av den enorme auka i turistar brukte ulike typar syklar som transportmiddel.
Ho tenkte tilbake på 2020-åra medan ho trødde seg roleg bortetter ES1. Ho hugsa den gongen ho hadde sykla frå Svolvær til Kabelvåg og vidare, og så hadde sykkelvegen plutseleg berre stoppa. Der var det slutt, heilt utan åtvaring, skilting eller ein trygg overgang til rett side av bilvegen. Når ho tenkte på det no verka det heilt absurd, men det hadde vore ganske vanleg den gongen. Dessutan hadde sykkelvegane ofte vore bygd i kronglete, bratte bakkar som tvinna seg rundt, over og under bilvegen i tronge undergangar og på smale bruer.
No bløma det lokale næringslivet i nye former: Nye rorbuer, campingplassar, hytter og små hotell. Det hadde poppa opp eit vell av små kioskar, butikkar og restaurantar langs ES1. Folk trong fleire pausar og spisestader med kortare mellomrom no enn før i tida. No når folk hadde betre tid til å sjå kva som føregjekk langs vegen, hadde også besøkstala ved musea og galleria gått i taket og produksjon av brukskunst hadde skote i vêret.
Det var ikkje ei einaste bu i Lofoten som ikkje hadde sykkelparkering med lademoglegheiter. Utbygginga av ladestasjonar var finansiert gjennom bompengar for bruka av den gamle bilvegen. Men inntektene hadde ikkje blitt dei heilt store, for talet på bilar hadde gått ned meir enn det var budsjettert med. Dermed måtte transportministeren stilla i media med eit breitt smil og lova ekstrafinansiering.
For ikkje å snakka om kor mange som var sysselsett i sykkelindustrien i sesongen. Sykkelreparatørar og sykkelverkstad på kvar eit nes. Sykkelutleige over heile øygruppa, sykkelferjer, og kajakkutleige til alle sykkelturistane. Det mangla ikkje på utval av syklar ein kunne leiga: elektriske trehjulsyklar, landevegssyklar utan motor, terrengsykkel med og utan motor, fulldemparar, ordinære elsyklar, sykkel til barn, sykkelvogn til barn, sykkel med sykkelsete, sykkelvesker, Podbike, liggesyklar, lastesykkel og modellar for folk med ulike funksjonshemningar. Slike som ein før berre hadde fått tak i gjennom hjelpemiddelsentralar. Mange utleigarar baud også på moglegheita til å byta sykkel ved neste utleigesjappe, dersom ein hadde lyst og testa ein ny modell.
Det kunne framleis vera ein del kø på gamlevegen i juni, juli og august. For det første gjekk var det ein del biltrafikk på grunn av transport av bagasje og syklar att og fram mellom bygdene og turistdestinasjonane. Dessutan var det sjølvsagt ikkje alle som hadde kropp og helse til sykling, men det såg ut til at dei aller fleste som hadde høve til det valde saktetransport.
Lødingen-Moskenes hadde jo aldri vore særleg langt, og frå Svolvær var det berre 125 km. Skulle ein verkeleg få med seg alt det vidunderlege Lofoten hadde å by på var det jo heilt meiningslaust å køyra bil på ein så kort distanse. Det er ikkje mykje ein får med seg langs vegen i 80 km/t.
Ho sykla over Gimsøybrua i det raudrosa nattelyset. Det var ein stille kveld. Men brua var vindutsett, og derfor var det sett opp solide murar av pleksiglas på kvar side. Midtnattsola braut i det litt ripete glaset, slik at strålene spreidde seg utover og gav ei lun glød til lyset på brua. Tidene hadde endra seg sidan ho var ung, og det var godt å kjenna at den aldrande kroppen framleis kunne sykla rund Gimsøya utan for mykje smerter i kne og rygg. Måtte ho få sykla lenge i landet.
Foto: Helga Eggebø