Kvart år blir i underkant av 10 personar drepne av noverande eller tidlegare partnar. Kunne desse drapa vore hindra?
NRK meldte i dag at ei kvinne er drepen av partnaren. Ho hadde tidlegare meldt han til politiet for vald, men saka vart lagt vekk. Politiet hadde ikkje ein gong avhøyrd valdsutøvaren før dei la vekk saka. Saka skal handsamast av spesialeininga for politisaker.
Den omtalte saka er ei typisk partnardrapssak på den måten at offeret tidlegare har vore utsett for partnarvald og vore i kontakt med hjelpeapparatet i forkant av drapet. Dette betyr at politiet og andre delar av hjelpeapparatet kunne, i alle fall i teorien, ha gjort noko for å redusera risikoen for eit fatalt utfall.
På bakgrunn av typiske kjenneteikn ved partnervald og -drapssaker er det utvikla eit verktøy for trugsmålsvurdering. Dette verktøyet er internasjonalt anerkjend og heiter Spouse Assault Risk Assessment (SARA). I 2011-12 gjennomførte Stovner og Horten politidistrikt eit pilotprosjekt for implementering av SARA-verktøyet (SARA short version).
Jamfør Regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar skulle SARA vore implementert i alle landets politidistrikt i løp av 2013. I 2014 hadde berre 1 av 27 politidistrikt innført metoden, og dei fleste familievaldskoordinatorane visste ikkje kva tid eller korleis implementeringa skulle føregå (jamfør JURK-rapport).
I tillegg til SARA finst det eit anna verktøy for risikoanalyse når det gjeld vald i nære relasjonar fra storfamilien og andre familiemedlemmar enn partnar, såkalla æresrelatert vald. Dette verktøyet vert kalla PATRIARK.
Eg vonar SARA er implementert i politiet i løp av det siste året. Men viss ikkje er på høg tid at ansvarlege myndigheiter sørgjer føre effektiv implementering av SARA, PATRIARK og andre tiltak som er eigna til å hindra partnarvald og -drap.
- 69 kvinner og 12 menn har blitt drepne av noverande og tidlegare partnar i løp av dei siste ti åra (2005-2014).
- Mellom 1991 og 2010 vart 165 personar drepne.
- Gjennomsnittet er på litt i overkant av 8 personar i året, og tala ser ut til å vera relativt stabile over tid.
Illustrasjonsfoto: Crime scene av Alan Cleaver, CC BY 2.0.