Permisjonsekspedisjonar 2021

Med ein baby eller fleire på slep blir friluftslivet hakket meir utfordrande enn det elles hadde vore. Fordelen med det er at ein relativt kort dagstur kan koma til å gje den store ekspedisjonskjensla. Som eg skreiv rett etter Magnus vart fødd, så var den første trilleturen med spedbarn ute i -10 meir nervepirrande enn teltovernatting i krevjande vintervêr.

Dei siste vekene har eg vore så heldig å få ha den siste delen av foreldrepermisjonen vår i lag med Ingeborg, og mest heile tida har det vore strålande men kaldt vintervêr. Også i denne permisjonsrunden har eg vore så heldig at eg har hatt gode og turlystne folk til å dela denne tida med.

Ein føremiddag då sola strålte og vind og kuldegrader beit godt i kinna stilte Martin, Even og eg opp i kvar vår bil med kvar vår godt innpakka unge på parkeringsplassen ved travbanen på Bestemorenga. Herleg å ha med seg driftige vaksne som evner å koma seg ut til avtalt tid utan å setja seg fast i stellebagen på veg ut døra. Me monterte ungar i bæreseler og meis og labba i veg mot Slankneset. Eg var heile tida litt nervøs for at ungen ikkje var varm nok, og pausen vart relativt kort på grunn av den kalde trekken. På vegen tilbake hamna med på feil sti og fekk traska ein ekstra runde på smale stiar i skogen før me kom oss tilbake. Ekspedisjonskjensle!

143364789_134923391781449_6533821360207093660_n

Turen til Soløyvatnet var ein fin treningstur, og så auka med ambisjonsnivået: Skøytetur med pulk på Steigtindvatnet. Med frost på barmark var skøyteføret prima, men pulkføret var ikkje like glimrande dei første 500 metrane ned mot vatnet, på frosne myrer gjennom glissen furuskog.

IMG_2635

Det minna meg skikkeleg om turen eg hadde, i lag med Cirkum Polare-klassen ved Øytun Folkehøgskole, gjennom Brooks Range i Alaska i 2008. Då me nærma oss Ernie Pass hadde snøen blæse vekk store delar av vegen (akkurat på bilde under – opp mot passet – er det snødekke) og me måtte trekka tunge pulkar opp mange høgdemeter på barmark.

IMG_0514

I Alaska hadde me også gått ein halv dag på avblåst elveis, og då me kom ned på Steigtingvatnet vart eg minna på at ein lett får ganske kraftig sleng på pulken på isen. Men kjekt å gå på skøyter!

146409302_159352659134103_777666123584195325_n

Ungane hadde det lunt og godt i pulkane, men pausen var meir krevjande. Det var litt vind, og me kunne ikkje laga eit skikkeleg bål på grunn av skogbrannfaren. Ingeborg vart meir og meir sutrete, og byrja grina. Det var ikkje så rart, for ho var blitt kald på hender og føter. Eg sette meg inn i nødbuivakken, plasserte føtene hennar på magen min, hendene i halsgropa, varmeflaska mellom oss og dunjakken min rundt ho. Først måtte eg halda ho fast for å få ho til å sitta sånn, men ganske fort roa ho seg ned og vart i godt humør igjen. Kjipt at ungen vart for kald, men godt å kjenna at eg greidde ordna opp. Då ho endeleg var skikkeleg varm igjen pakka eg ho ned i pulken og så gjekk me tilbake over vatnet og slepte pulkane opp over dei frosne myrene igjen.

146010357_116492463710119_9063372189881087175_n

Medan det framleis var frost på barmark var eg så heldig at Eva (Ingeborg si farmor) satt barnevakt ein fredag, medan Hanna, Marianne og eg var på Litjtind. Tur med berre vaksne er bra mykje meir lettvint, og veldig kjekt!

IMG_2662

Den påfølgjande helga kom snøen. Martin hadde snakka varmt om Sagelva, ved foten av Mjønestind i retning Fauske, og vi dit! Me baksa rundt med pulkane i laussnø og furuskog. Eg hadde berre teke kortfellene med, og det var tabbe. Lite feste i laussnøen, og med pulk måtte eg kjempa meg fram på fiskebein på den minste kul i terrenget. Furuskogen, laussnøen og at det vart så djævelsk tungt å trekka pulken minte meg sånn om Alaska, og med Alaskaminner i kroppen er det alltid god stemning.

148424500_343737306752930_6527979379115449049_n

Me greidde til og med å få fyra oss eit solid furubål, som varma både oss og ungane godt. For sjølv om sola strålte, så var det ikkje veldig mykje varme i februarsola.

IMG_2695

I førre veke la me i veg med ein heil liten karavane av pulkar. Tre vaksne, tre pulkar, tre ungar og ein hund på tur.

IMG_2755

Me rota oss etterkvart inn på nokre litt for smale stiar i litt for tett skog. Eg sette fast draget, mista skifella og kava verre for å koma meg fram med pulken. De kan jo berre gjetta kva stat i Nord-Amerika dette minna meg om. Denne turen frå Bueskyttarbanen i Bodø kallar me “Pulkrunden”.

IMG_2745

No feier mildvêret inn over Bodø og trugar med å ta med seg all snøen. Ingeborg og eg vitja barnehagen i går, og i neste veke byrjar ho der. Eg trur det blir bra, men det er også rart å tenkja på at det no er vaksne og ungar i barnehagen som skal vera mesteparten av dagen i lag med Ingeborg. Ikkje eg og ikkje Marius.

Eg skal tilbake på jobb igjen, og kjenner meg nokså klar for det. Samstundes er det med eit visst vemod at eg avsluttar denne siste runden med foreldreperm. Det har vore kjekt å ha tid med ungen og boltra seg ute i snøen på dagtid. Berre 30 år igjen i arbeidslivet før eg skal ha fri på dagtid igjen.

Foto: Helga Eggebø, Martin Hoset og Cirkum Polare-klassen 2008.

 

2 thoughts on “Permisjonsekspedisjonar 2021”

  1. Heldige du – 30 år til du skal ha lange kjedelige dager uten annet å gjøre om formiddagen enn å lytte på nitimen.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content