Surr frå Civita

“Horne gjør det radikale feminister ikke klarer” skriv Lars Gauden-Kolbeinstveit (Civita) i ein kronikk om Likestillings- og diskrimineringsombodet i i Dagbladet 21. oktober. Det er litt vanskeleg å få tak på kva han meiner med det, for han ser ut til å ha misforstått realitetane.

Solveig Horne har nett lansert eit forslag om endringar i oppgåvefordelinga mellom Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) på den eine sida og Likestillingsnemnda på den andre sida. Dagens LDO er eit lågterskeltilbod der folk som opplever diskriminering kan få saka si handsama. LDO kan gje uttale i saka, men berre nemnda kan fatta bindande vedtak. Jamfør forslaget til Horne skal eit nytt LDO ikkje lengre handsama lovverket – det skal nemnda gjera åleine. I tillegg har LDO ein såkalla «pådrivarfunksjon», og på dette punktet er det ikkje føreslått nokon endringar.

Civita-skribenten ser ut til å tru at pådrivarrolla betyr at LDO skal “holde oss med en levende offentlig debatt”, og den offentlege debatten ser han helst at politikarar og sivilsamfunn tek seg av.

I realiteten er pådrivarrolla, jamfør lovverket, ei mykje meir fagleg og kompleks oppgåve: LDO har eit ansvar for å følgja samfunnsutviklinga, avdekka og peika på tilhøve som hindrar likestilling. Ombodet skal driva med opplysing, haldnings- og endringsarbeid for likestilling. Dei skal gje informasjon, råd og stønad til likestillingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor. LDO skal gratis rettleiing og informasjon til arbeidsgjevarar om etnisk mangfald i arbeidslivet. Ombudet skal kartleggja art og omfang av diskriminering i samfunnet. LDO skal også tilby møtestader og leggja til rette for for samarbeid mellom andre aktørar som arbeider med likestilling og diskriminering. Sist men ikkje minst skal ombodet føra tilsyn med at norske myndigheiter følgjer FN-konvensjonane på diskrimineringsområdet.

Likestillingsutvalet (NOU 2011: 18) føreslo i 2011 at pådrivarrolla kunne oppsummerast og presiserast i to hovudpunkt: For det første dreier det seg om kunnskapsproduksjon og dokumentasjon om likestilling og diskriminering. For det andre dreier det seg om å gje fagleg rettleiing og informasjon.

Gauden-Kolbeinstveit skriv at han helst skulle sett at heile pådrivarrolla vart fjerna. Det er forsåvidt ei ærleg sak å meina at heile det omfattande arbeidet med dokumentasjon, informasjonsformidling og rettleiing skal leggjast ned. Men eit slik forslag er noko ganske anna enn det han framstiller det som. Det er noko ganske anna enn at ombudet skal slutta å synsa i media. Det er også openbart at denne rekka med viktige dokumentasjons- og rettleiingsoppgåver ikkje er noko “Dagbladet, partiene, tenketankene, arbeidslivets organisasjoner, helsesøstre, aviskommentatorer” kan ventast å ta seg av.

Eit forslag om å avvikla heile pådrivarrolla er dessutan heilt på kollisjonskurs med forslaget frå regjeringa. Pådrivaroppgåvene til LDO skal vera dei same som i dag, jamfør forslaget frå Horne.

Det heile koker ned til at Civita/Gauden-Kolbeinstveit har eit horn i sida til tidlegare Likestillings- og diskrimineringsombud Sunniva Ørstavik, for at ho har uttalt seg om dei likestillings politiske effektane av fedrekvoten. Men på det punktet vil ikkje Horne sine endringsforslag gjera noko verken frå eller til.

Ingenting av det Gauden-Kolbeinstveit syns å meina er problematisk – nemleg at ombudet har uttalt seg om fedrekvote eller sexkjøpslov – vil endra seg nemneverdig med forslaget frå Horne. Og i den grad det er snakk om endring, så vil ministeren at “gi ombudet en friere stilling i pådriverfunksjonen”.

Å skilja ut lovhåndhevaroppgåvene gjev ombodet ei meir avgrensa rolle, medan nemnda får si rolle utvida. Det er ikkje i seg sjølv ein stor siger, eller eventuelt katastrofe, for feministar verken til høgre eller venstre. Det er heller ikkje spesielle faglege grunnar til å ta seg bryet. Som Likestillingsutvalet fastslo då dei vurderte saka i 2011: “Det er heller ikke mulig, med grunnlag i ombudets praksis, å konstatere at dette pådriverarbeidet svekker lov- håndhevingen, eller at ombudet faktisk har fått redusert legitimitet som lovhåndhever gjennom sitt pådriverarbeid”.

Éi av dei endringane Horne føreslår er derimot svært viktig: Etter 40 år med likestillingsombod, skal diskriminering endeleg få økonomiske konsekvensar: Likestillingsnemnda skal få myndigheit til å tilkjenna oppreising. Som Horne sjølv skriv: “Det skal koste å diskriminere”. Dette er ein viktig milepæl, og det er all grunn til å gleda seg for alle som er opptekne av rettstryggleik generelt og diskrimineringsvern spesielt. Og det reknar eg med er dei fleste, uavhengig av om ein er til høgre eller venstre, eller ein kallar seg radikal feminist eller berre er mot diskriminering.

Dette innlegget vart først publisert på Dagbladet.no 1. november 2016.

Illustrasjonsbilde: Ungdomspolitikere – Likestilling i dag og i morgen av Likestillings- og diskrimineringsombudet, CC BY-NC 2.0.

Det er ikkje første gongen det kjem denne typen surr frå Civita. Les også Helga sin Maddamblogg Utradering av Likestillingsarbeidet?

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content