Sykkel, sopp og syltetøy

Tre ting eg likar
tre ting eg tenkjer på:
Sykkel, sopp og syltetøy.

Eg syklar etter bæra i grøftekanten
kastar meg ut i krattet
med refleksvest og hjelm.
Moltekrattet,
bringebærkrattet,
bjørnebærkrattet.
Finner fangsten på myr
og mellom taggar og torner.

Beklager sjefen.
Eg har ikkje tid til å koma på kontoret i dag.
Det er no bæra er mogne.
Det er no tida er inne
for å fylla opp kjellar og frysar
med syltetøy til vinteren.

Eg syklar på soppjakt.
Speidar i grøfta
medan eg suser inn over skogen.
Parkerer kjerra ved eit tre
og legg an eit rolegare tempo.
Sakte, stille steg innover skogen.
Skjerpar blikket.
Soppblikket.
Jakta har byrja!

Det gyldne lyset frå kantarellen.
Den bollebrune hatten
til ein steinsopp.
Kan det vera ein melsopp
den der som luktar pannekakerøre?
Piggsoppens skjøre sporer
drysser ned i korga.
Kjenner eg igjen ein
olivengrøn vokssopp når eg ser han?

Beklager sjefen.
Eg har ikkje tid til å koma på kontoret i dag.
Det er så fint å plukka sopp når det regnar.
Det er no soppen er å finna i skogen.
Det er no tida er inne
for å fråtsa i fersk sopp
og fylla opp frysar og skap
med tørka sopp,
og forvella sopp.
Sopptid.
Har ikkje tid,
beklager.

1 thought on “Sykkel, sopp og syltetøy”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Skip to content