Tårer og tekst

Eg er glad eg har ein fast jobb og ikkje risikerer at vikariatet går ut medan livet og kroppen buttar imot. Eg går gjennom ei skilsmisse, og det er ei krise der éin vond fase løyser av ein annan. I heile denne perioden har jobben heldigvis kjendest som ein trygg stad å vera. Arbeidet og skrivinga er noko å halda tak i når livet berre tar og tar. Eg kan få ein pause ei stund, tenkja på noko anna, noko tryggare og meir føreseieleg enn livet. Ei stund kan eg vera velsigna oppslukt av tankearbeid i staden for å bli eten opp av alle kjenslene som gjer så vondt i kroppen.

Ein vinterdag for nokre månader sidan var eg på kontoret for å gjera ferdig eit manuskript. Dei siste stega i prosessen går lett. Eg fann fram den språkvaska teksten, jobba meg gjennom endringsforslaga, gjorde Endnote-referansane om til vanleg tekst og anonymiserte manuskriptet. Til slutt logga eg inn i ScholarOne, la inn alt som skulle med, og trykte på send inn. Gratulerer til meg! Godt jobba!

Men i det sekundet eg hadde sendt inn, og verkeleg kunne trenga å vera stolt og glad over jobben som var gjort, vart eg overvelda av smerte. Når eg ikkje lenger var konsentrert om oppgåva, tenkte eg på kva eg måtte gjera seinare den dagen: å fortelja ungane mine at mamma og pappa ikkje skal bu i lag lenger. Klumpen i halsen pressa på, og eg gjekk ut. Eg vart ståande under dei berre bjørketrea i skogen og let tårene sleppa laus.

Seinare på dagen kom ein god kollega innom på kontoret. Han lurte på korleis det gjekk. «Eg har akkurat sendt inn ein artikkel, og seinare i dag skal me fortelja ungane at me skal skiljast», fortalde eg. Fredrik lytta med medkjensle, utan råd. Han delte gleda over artikkelen og sat i lag med meg i smerta og sorga. Akkurat den dagen var det rom for både akademisk suksess og den sterke kjensla av å ha feila fullstendig i familielivet. «Takk for at du var her», sa eg. Smerta var ikkje noko mindre, men eg kjende meg litt mindre åleine.

Heile dette vanskelege året har eg jobba, litt eller mykje. Men eg har også gråte åleine bak kontordøra, ute i skogen, på telefonen med ein ven og i samtalar med kollegar. Det har vore rom for at livet er som det er. Det er vel dei færraste av oss som kjem oss gjennom arbeidslivet utan sjukdom, eller skilsmisse, graviditetar, dødsfall, sorg eller angst. Livet skjer.

Ein annan dag i ei lang rekke vanskelege dagar dette året logga eg meg på Teams for å treffa ein ven og kollega. «Korleis går det?» spurte ho. Spørsmålet gav meg klump i halsen, og eg oppdaterte ho på konfliktar og sorger. «Eg skulle så gjerne vore der og gjeve deg ein ekte klem», sa Anne. Ho trøysta meg og delte det som var vanskeleg i hennar liv. Me jobba oss gjennom tårene først og gjekk laus på arbeidet etterpå. Eg las gjennom teksten og tenkte. Etter nokre minutt følte eg meg konsentrert, skjerpa. Teksten, kva som mangla og korleis eg skulle løysa det, sto plutseleg klårt føre meg. Eg noterte, la inn nokre merknader og forslag til formuleringar. Arbeidet gjekk så lett! Energien flaut fritt, hendene dansa over tastaturet for å halda tritt med lynraske tankar. Det var som om tårene hadde vaska vekk ei grå hinne over teksten. Alt var glasklårt, skarpt i kantane og enkelt. Ein dag med tårer og tekst. Sårbarheitas metode.

Denne teksten stod først på trykk i Forskerforum og vart seinare publisert på nett der.

Foto: Karoline O.A. Pettersen.

2 thoughts on “Tårer og tekst”

  1. Pingback: Legg lista lågt nok - Helga Eggebø

  2. Pingback: Skrivepartner søkes - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content