Tidevatnet

Berga er berre,
svarte,
nakne,
blaute,
rå,
glatte,
kvasse.

Men så kjem havet med floa
gradvis,
bølgjande,
sigande,
stigande.

Havet vaskar dei svarte berga
skummande,
skurande,
stille.

Det flør og vatnet dekkjer dei berre berga
det kvasse,
skarpe,
svarte,
sleipe.

Det syns ikkje, kjennest ikkje. Det er
omslutta,
omhylla,
omkrinsa,
overflauma
av havet.

Vassflata står høgare no. Ho er
så blank,
mjuk,
skinnande,
stille.

Eg ser berre lyset. Det
skinnande,
kvite,
blanke.

Fargespekteret av svart,
kvitt,
gyllent,
rosa,
grått,
blått
som speglar seg.
Fargar av himmel og land i havspegelen
som strekk seg heilt ut mot horisonten.

Så trekk vatnet seg tilbake igjen
brusande,
stille,
skvulpande,
stormande.

Umerkeleg først fordi vinden røsker i vassflata,
kastar havet høgare opp på berget,
skummande,
brusande,
skremmande.

Medan månen og sola trekk vassmassane
mot seg,
frå djupet mot himmelen.

Igjen er berga berre,
svarte,
nakne,
blaute,
rå,
glatte,
kvasse.

Den brune tanga ligg livlaus over berga.
Dansar ikkje lenger med havet.
Strekkjer seg ikkje mot lyset.

Ikkje no,
men ingenting står i ro.
Havet er
rasande,
røskande,
reinskande,
roleg.
Alltid i rørsle.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content