Den største forbrytelsen

Trakassering, dehumanisering, deportering og mord på jødar var ikkje noko den tyske okkupasjonsmakta innførde i Noreg. Marte Michelet har skrive ei knallgod og viktig bok som dokumenterer det norske Holocaust. 

Boka er fengande som ein kriminalroman – umogleg å leggja frå seg. Ved hjelp av diskret fotnoter blir med heile tida minna på at desse grufulle historiane ikkje er fiksjon men godt dokumenterte fakta. Michelet har fått knakande gode skussmål for boka – og det er vel fortent.

Noko av det eg syns er mest opprørande og slåande med historia Michelet rullar opp, er den rolla vanlege folk spelte i folkemordet. Mange liv vart sparte på grunn av den innsatsen enkeltpersonar – med livet som innsats – gjorde for å redda andre. Men på den andre sida vart mange drepne fordi vanlege folk valde å ikkje hjelpa, angi eller sjølv drepa menneske på flukt.

I lys av dei pågåande deportasjonane til Russland, og sterke tendensar til dehumanisering i den offentlege debatten, er det uunngåeleg å ikkje bli sittande å tenkja på historiske parallellar.

Noreg ønskte ikkje å ta gje asyl til jødar på flukt frå pogromar i Aust-Europa og forfølging og utrydding i Tyskland. Me hadde ikkje kapasitet, og ville ikkje ha inn folk som kunne bli ei bør for samfunnet, vart det hevda. Nansenhjelpen samla derfor inn pengar for å kunne “kjøpa” forfølgde ein plass innanfor landets grenser:

“For hver jødiske flyktning som kom gjennom nåløyet og fikk innreise til Norge, krevde staten en garantisum slik at de ikke skulle ‘ligge samfunnet til last’. Den var satt til tusen kroner, en formidabel sum (side 99-100).

Millionar av jødar vart deportert eller drivne på flukt i Europa. Det vart teke initiativ til ein internasjonal konferanse om flyktningkrisa, men ingen ville ta imot flyktningane:

“I juli 1938 kalte USAs president Franklin Roosevelt til en internasjona konferanse i Evian i Frankrike for å diskutere problemet med den store strømmen av jødiske flytkninger fra Tyskland og Østerrike. USA og Strobritannia hadde strammet kraftig inn, og konferansen som hadde som uutalt mål å presse flytkningstrømmen over på andre land. (…) Direktøren for det norske Sentralpasskontoret, som i hele mellomkrigstiden gjorde sitt ytterste for å holde jøder ute av landet, beklaget at Norge dessverre ikke hadde kapaistet til å ta inn flere (side 95-96).

Sentrale folk i Norge snakka om invasjon: “Paa den maaten er det at vi har fått en ikke ubetydelig og lite ønskelig invasjon av jøder”. Dette vart sagt på eit tidspunkt kor det var litt over 1000 jødar i heile Noreg (side 46).

Historia har ein tendens til å gjenta seg – men alltid på nye måtar. Les boka, så forstår du betre fortida – og kanskje også samtida.

Kjelde: Den største forbrytelsen. Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust, av Marte Michelet, 2014.

Illustrasjonsbilde:  «rose» av aling_, CC BY-NC-ND 2.0

1 thought on “Den største forbrytelsen”

  1. Som nå, var terrorist stempelet brukt om og mot forskjellige jødiske grupperinger, som var aktive i midtøsten i mellomkrigsårene. Det er en viktig but å ta med seg, da UN, Usa, England som offisiellt hadde forskjellige Zionist grupper som terrororganisasjoner, også omtalt “hyppig” i media til tiden å være.

    https://en.wikipedia.org/wiki/Zionist_political_violence

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content