I sommar har der vore offentleg debatt om transpersonar sin tilgang til offentlege garderobar. I feministiske krinsar, mellom anna på Det Selskapelige Diskusjonsforum, har menns vald mot kvinner og omsynet til dei av oss som har vore utsette for slik vald blitt brukt som argument for at transkvinner ikkje skal få nytta offentlege kvinnegarderobar.
Eg reknar meg sjølv som feminist og har brei erfaring med forsking på likestilling, vald og diskriminering. Med det som utgangspunkt skriv eg til den feministiske offentlegheita om kvifor eg meiner at menns vald mot kvinner ikkje er ein sakleg grunn til nekta transkvinner tilgang til offentlege kvinnegarderobar.
La meg byrja med å slå fast at det er gode grunnar til at mange kvinner er redde for kjønnsbasert vald. Den representative undersøkinga ”Vold og voldtekt i Noreg” viser at 8,2 prosent av norske kvinner har vore utsette frå alvorleg vald frå partnar, og to tredjedelar av dei har i tillegg blitt utsette for systematisk kontroll. 1 av 10 norske kvinner har vore utsette for valdtekt og 3,8 prosent har blitt valdtekne av partnar. Nesten halvparten av dei valdtektsutsette var redde for å bli alvorleg skadde eller drepne.
Menn blir også utsette for valdtekt og vald i nære relasjonar. Men ti gonger fleire kvinner enn menn har vore utsette for valdtekt eller to eller fleire formar for grov vald. Langt fleire kvinner enn menn var redde for å bli skada eller drepne i samband med valden. Dei aller fleste kvinner og menn som er blitt utsette for seksuelle overgrep som barn eller valdtekt i vaksen alder rapporterte at overgriparen var ein mann.
I tillegg veit me at rettssystemet har store manglar når det gjeld straffeforfølging av dei som utøver valdtekt og vald i nære relasjonar. Sjansen for å bli straffedømd for valdtekt er 1 til 100. Dei fleste kvinner som blir drepne av partnaren har vore i kontakt med politiet og hjelpeapparatet. Såkalla omvendt valdsalarm – eller kontaktforbod med elektronisk merking av overgripar – er innførd men blir i praksis sjeldan brukt.
Transpersonar blir også utsette for omfattande og alvorleg kjønnsbasert vald. Der er ikkje gjort representative undersøkingar i Noreg, men kvalitative undersøkingar og forsking frå andre land i Europa viser at transpersonar har stor risiko for å bli utsette for psykisk, fysisk og seksuell vald frå partnar. Ei EU-undersøking viste at heile 34 prosent hadde vore utsette for vald i løp av dei siste åra. Andre undersøkingar viser at 2 av 3 transpersonar har opplevd trakassering og 80 % har vore utsette for vald i familien. Likevel er der svært få transpersonar som melder valden til politiet; dei har erfaring med og er redde for å bli utsette for mistru, transfobi og diskriminering. Hatkriminalitet retta mot skeive er ofte seksualisert, brutal og har stort sannsyn for å enda med drap. Over 2000 transpersonar er registrert drepne på verdsbasis på mindre enn 10 år.
Alle kvinner – både cis-kvinner og transkvinner – har med andre ord gode grunnar til å frykta kjønnsbasert vald både i heimen og i det offentlege rommet. Statistisk sett er slik vald vanleg, grov og har alvorlege konsekvensar i form av skade, redsle og negative konsekvensar for den psykiske helsa. Angst og redsle som følgje av vald og valdtekt kan få mange ulike uttrykk og det er ikkje berre reelt farlege situasjonar som kan kalla fram angsten. Eg trur på dei som sjølv har erfart angst og redsle fordi dei har sett nakne folk i kvinnegarderoben som kanskje har både bryst og penis, eller på andre måtar bryt med vanlege forestillingar om kva ein kvinnekropp.
Men den redsla er ikkje sakleg grunn til å nekta transkvinner tilgang til det offentlege garderobar. Etter at vilkåret om kastraksjon for skifte av juridisk kjønn vart innført er det mogleg å vera kvinne etter lova og likevel kjønnsorgana sine i behold. Å nekta dei tilgang til kjønnsdelte offentlege rom er like lite sakleg som å nekta homofile menn tilgang til offentlege herregarderobar fordi heterofile menn er redde for å bli antasta eller valdtekne. Ideen om at homofile menn er promiskuøse, sexavhengige og potensielt farlege hyperseksuelle vesen og utbreitt og skaper irrasjonell redsle. Det er kanskje ein del av grunnen til at 16 % av norske menn rapporterer at dei ville flytta seg unna ein mann på bussen dersom dei viste han var homofil.
Eit ikkje ubetydeleg mindretal av norske menn uttrykker også sterkt negative haldningar til transpersonar. 8 % stadfestar at dei syns det ville vore ”ubehagelig å sitte ved siden av en person som visste hadde mottatt kjønnsbekreftende medisinsk behandling». 19% stadfestar at «når jeg tenker på transpersoner, grøsser jeg».
I kampen mot menns vald mot kvinner er det viktig å ha hovudet kaldt og fakta klart føre seg: Det er ikkje transkvinner som utøver menns vald mot kvinner. Snarare er transkvinner – og andre transpersonar for den del – blant dei som i størst grad blir utsette for kjønnsbasert vald. Transkvinner er ikkje feminismens fiende. La heller ikkje feminismen bli transkvinners fiende.
Illustrasjonsbilde: Icon made by http://www.unocha.org from www.flaticon.com
Les også:
- Feminisme for alle kjønn? av Viljar Eidsvik.
- Felles kamp for kjønnsfrihet – vi har ingen flere å miste av Karen.
- Eit homoeventyr av Helga.
- Hatet av Karen.
- Feminisme ved veikrysset – et forsvar for interseksjonalitet av Ingrid Hødnebø.
- Skadelege narrativ og feigt fokus, av gjestebloggar Viljar Eidsvik.
Kjelder:
Vold og voldtekt i Norge. En nasjonal forekomststudie av vold i et livsløpsperspektiv.
NOU 2012: 15 Politikk for likestilling
Alskens Folk. Levekår, livssituasjon og livskvalitet for personer med kjønnsidentitetstematikk.