Å utsetta ektefellen for langvarig og omfattande kontroll og trua ho med ei motorsag, er det mishandling i utlendingslovens forstand? Både Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda har svard nei på det spørsmålet. Dermed vil dei senda den utanlandske kvinna det gjeld ut av landet. I dag vart saka prøvd for retten og eg var kalla inn som sakkyndig vitne.
La meg først forklara regelverket som ligg til grunn for dette ganske oppsiktsvekkande vedtaket: Alle som innvandrar til Noreg får i utgangspunktet eit mellombels opphaldsløyve . Ein må ha vore her i minst tre år før ein kan søkja om permanent opphaldsløyve. For ekteskapsinnvandrarar er konsekvensen at opphaldsløyvet deira avhenger av ekteskapet dei tre første åra.
Det å vera avhengig av ektefellen sin på denne måten opplever mange som problematisk. Særleg problematisk blir det i dei tilfellene der den norske ektefellen utnyttar avhengigheiten og utøver kontroll, trakassering og vold mot partnaren. På grunn av trugsmålet om å bli kasta ut av landet, vil mange føla seg tvungne til å bli i eit valdeleg forhold.
Det er over 30 år sidan kvinnerørsla først sette fokus på situasjonen til valdsutsette utanlandske kvinner. På grunn av politisk mobilisering har ein fått på plass ein regel i utlendingslova som seier at dei som blir mishandla uansett skal få bli. Problemet er at mange av dei valdsutsatte som søkjer, likevel får avslag. I 2011 fekk nesten 40 prosent avslag.
Det Oslo Tingrett skulle vurdera i dag var kva som skal reknast som mishandling. Jamfør UDI skal det openbart meir til enn å bli utsett for langvarig kontroll og trua med motorsag. Trugsmålet kvinna vart utsett for blir karakterisert som ei “enkeltståande hending”, ikkje mishandling.
Dei som har kome fram til den konklusjonen veit ikkje særleg mykje om vald i parforhold. For nettopp maktubalanse, omfattande kontroll og vald er det som kjenneteiknar den mest alvorlege valden. I forskinga blir dette karakterisert som “intimterror” og det er denne valden som er farlegast og i størst grad fører til psykiske problem for den utsette. Den konkrete saka i Tingretten har alle kjenneteikna ved intimterror.Dommen fell om circa fire veker og Tingrettens konklusjon vil få konsekvensar for andre mishandlingssaker.
Saka handlar ikkje berre om UDIs tolking av regelverket, men om politikk. Den sittande regjeringa seier dei vil auka innsatsen mot vald i nære relasjonar. Samstundes vil dei endra utlendingslova slik at ein no skal vera avhengig av ekteskapet i 5 år, ikkje 3 år som i dag. For å setta det på spissen: myndigheitene vil hindra vald mot norske kvinner, men sørgja for at vald mot utanlandske kvinner kan halda fram.
Innvandringskontroll er rimeleg nok, men ein kan lura på om samfunnet ville bedt norske kvinner og menn halda ut med en voldelig og kontrollerende ektefelle. Er kontroll og potensielt dødelege trugsmål noko ekteskapsinnvandrar berre må finna seg i?
Saka har tidlegare vore omtalt i Bergens Tidene og NRK. Kva som skal reknast som mishandling i utlendingslovens forstand kan du lesa meir om i mi masteroppgåve.
Illustrasjonsbildet heiter Chainsaw Prop av RightBrainPhotography og er tilgjengelig under CC BY-NC-ND 2.0
Pingback: Når storsamfunnet sviktar. | MadDam | Et bloggkollektiv
Eg kan melda om den gledelege nyheita at kvinna vann saka i Tingretten!
Pingback: Handlingsplan men ingen handling - Helga EggebøHelga Eggebø