Tørre å ta debatten

Omlag halvparten av alle menn i Noreg har vore utsette for alvorleg fysisk vald. Dei mest utsette er unge menn som oppfører seg aggressivt, drikk mykje, rusar seg ofte og går ofte på byen. Har dei valdsutsette mennene sjølv eit ansvar for kva situasjon dei set seg i? Me må tørre å ta debatten. 

Menn er svært utsette for vald. Her er statistikken:

  • 45 % har vore utsette for alvorleg vald som å bli banka opp, truga med våpen, teke kvelartak på eller sparka
  • 13 prosent har vore utsette for så mykje skade at dei trong legehjelp
  • I 8 av 9 tilfeller er valdsutøvaren ein ukjent
  • Dei som drikk ofte er tre gonger meir utsett enn dei som drikk sjeldan
  • Dei fleste meldar aldri saka til politiet
  • Berre 5,9 prosent av utøvarane dømde

Eit så stort omfang av alvorleg vald er eit omfattande samfunnsproblem. Mønsteret er tydeleg. Dei mest utsette er dei unge som drikk mykje, rusar seg ofte, går ofte på byen og oppfører seg aggressivt. På bakgrunn av dette kan ein spør om ikkje mykje av valden kunne vore unngått dersom dei unge mennene var flinkare å ta vare på seg sjølv og kompisane sine når dei er på byen.

Eg seier ikkje at valdsoffra sjølv har skulda; det er alltid valdsutøvaren som har ansvaret. Men ein kan spør seg om det er særleg lurt å drikka seg fullstendig sanselaus og rave rundt på byen og oppføra seg aggressivt og konfliktskapande.

Sjølv om ein sjølvsagt står fritt til å kle seg i akkurat dei kleda ein sjølv ønskjer, så er det kanskje ikkje særleg lurt å spasera inn på ein pub full av Vålrengasupportarar kledd i ei i Brannsupportar-skjorte.

Eg prøver ikkje å leggja skulda på offeret her, men dersom du er 17 år og raver rundt på byen og oppsøkjer bråk, då er det dessverre alt for vanleg at turen på byen ender i alvorleg skade.

Unge menn på byen må oppføra seg og vera tydelege på at dei ikkje vil ha bråk. Ein spøkefull kommentar kan vera lett å misforstå, og når ein blir provosert er det ikkje alltid så lett for ein annan full mann å styra sinnet sitt.

Me må våga og ta debatten om kva dei unge mennene sjølv kan gjera for å trygga seg mot alvorleg vald og skade. Pass på kvarandre når de er på byen. Ikkje gå frå ein dritings kompis som står og slenger med leppa i drosjekøa. Ta ansvar for å roa ned ein kamerat som oppfører seg aggressivt. Ikkje drikk så mykje at du ikkje er i stand til å ta vare på deg sjølv.

Illustrasjonsbilde: P1390470 av Jess, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Kjelder:

Takk til kollega Lindis Sloan for å ha sett meg på ideen om å skriva denne artikkelen. 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility. Skip to content