Nytt liv av daude gror

Tenk at det finst ein sånn grønfarge! Den lysande, levande, skinnande grønfargen som bjørkebladene har i det dei sprett. Det er som om det er vanskeleg å fatta, vanskeleg å hugsa frå år til år at det er så grønt. Grønt akkurat på denne måten.

Graset blir meir og meir grønt. Løvetannbladene veks av sprudlande livskraft opp frå seige og standhaftige røter. Blada til Hestehoven er også på veg opp – no som bløminga er på hell. Dei er små no, men veks seg store, mørkegrøne og kraftige og tek over plassen. Nede i den skrinne jorda grev hestehoven sine lange kraftige røter. Desse to er pionerar, fortroppen, dei som går framom når livet igjen gjer sitt inntog i pukk, søppel og grus som er pakka saman av menneske og maskinar.

Det er eit ubamhjertig landskap desse byggefelta, grøftene og asfaltlagte engene. Eit mest livlaust landskap i ruinar. Skogen er fullstendig fjerna i prosessen med å byggja hus, kjøpesenter og parkeringsplassar. Det står ikkje eit einaste tre igjen mellom husa. Jordsmonnet er skrapa av. Berga er sprengt bort. Bakkane er gjort om til livsfarlege stup med gjerde rundt. Det er ikkje mykje som lever i denne landskapsruinen.

Men løvetann, hestehov og høymole set røter der ingen andre finn grunnlag for liv. Med røtene trenger dei gjennom hardpakka grus og sand, bryter opp gangar i det harde og skapar luft, rom og plass til vatn, mikroorganismane og bakteriane som sakte men sikkert gjer det som er daudt om til nytt livsgrunnlag. Eg feirar løvetann, hestehov og høymole. Livet er standhaftig. Ein gong vil planterøter, humus, fuglar og insekt ta tilbake dette landskapet.

I mellomtida hjelper eg til på vegen. Litt i alle fall. Eg grev opp hardpakka grus, stein og søppel frå grunnen. Stein for stein, grusbøtte for grusbøtte. Eg planar tre i desse hola og fyller på med lauv, gras, kompost og jord. Groper av liv i alt det harde og livlause. Og det blir grønt. Det blir liv også under harde vilkår. Dei einsame trea får køyrd seg i austavinden. Det er ikkje mykje næring å henta i bakken. Det er ikkje mykje plass til å falda ut røtene, halda seg fast og suga til seg vatn. Men dei står, dei lever og det blir grønt i år også.

Foto: Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content