Lukka er eit lån,
og i dag låner eg lukke av himmelen.
Lukka er lett snø over hus og vegar
ein novemberdag.
Landsskapet er mjukt og lyseblått,
ikkje svart og vått
og gleda boblar i kroppen.
Himmelen har ei anna høgd
og ein heilt annan tone og smak.
Snø, snø, snø som har dryssa over trea i natt.
Landskapet er lyst og lyseblått blitt.
Eg har ein annan spenst i støvlane.
Sparkar lett i snøen,
og tek nokre ekstra dansetrinn i snøen.
Heile verda er lett og lys.
Ho smakar av bobler og eventyr.
Er ikkje den lyktestolpen der borte
til forveksling lik lyktestolpen i Narnia?
Der barna hamnar når dei går inn i klesskapet.
Lukka er eit lån,
og i dag får me låna lukka av himmelen.
Det lette, kalde, luftige, spenstige og lyseblå håpet
som har dryssar ned over verda i natt.
Ligg her som ved eit trylleslag.
Som ved eit trylleslag.
Foto: Helga Eggebø
