Fint med forandring

Våren 2013, før Stortingsvalet, byrja eg for alvor å bli grundig lei av trynet til han der Jens. Jens Stoltenberg altså. Eg er sikkert ikkje den einaste som var gira på litt forandring. 

AP styrte landet halve 1900-talet, og i 2013 hadde dei jaggu holdt det gåande i åtte år i strekk. Dei yngste velgjarane kunne knapt nok hugsa nokon annan statsminister enn Jens. Det var på tide med litt forandring.

I tillegg til han der Jens var det ganske mange ting ein kunne byrja å bli litt lei av. Det der barnetillegget i uføretrygda, til dømes. Kunne det ikkje vore fint med litt forandring? Sjå om det ikkje kanskje går vel så bra utan, eigentleg?

For ikkje å snakka om arbeidsmiljøloven. Eg veit ikkje kor mange år me har hatt den same lova, men det byrjar jammen å bli på tide med litt forandring. Kva med litt fleire mellombles tilsette? Skikkeleg gørrkjedeleg når så mange får fast jobb.

Det er dessutan få ting ein kan bli meir lei av enn det evigvarande gnålet om asylbarn. Kva med å berre ta eit skippertak og senda dei ut, til ei forandring?

Eg skal fortelja deg kva eg i alle fall er lei av: formueskatt og arveavgift. Det hadde vore heilt topp å få prøvd korleis det er utan. Når eg heilt ærleg og redeleg har arva ein haug pengar frå besteforeldra mine, så kan eg ikkje fatta at staten skal slå kloa i dei. Nei, det blir fint med forandring.

Det siste tiåret har det vore lovleg å tigga her i landet. Møkk lei av det der. Fint med forandring.

Ein kan jammen trenga litt forandring innimellom. Jammen er det ikkje fint med forandring.

Illustrasjonsbilde: Jens Stoltenberg taler til Aps landsstyremøte 27. september 2011, av Arbeiderpartiet. Tilgjengeleg under CC BY-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content