For feit?

Eit søk på ordet “slankeoperasjon” får opp ei lang liste med private klinikkar som tilbyr slike operasjonar og talet på operasjonar aukar enormt. Dei alvorlege negative konsekvensane operasjonane har, blir så godt som ignorert.

Anten du kallar det “feit”, “tjukk”, “overvektig” eller “fedmeproblem” – i vår kultur er det forbunde med stort stigma å vera kvinne og ikkje passa inn i idealet om den slanke og tynne (eventuelt radmagre) kvinna. Bodskapet syns å vera at ein bør skamma seg, at ein kan skulda seg sjølv og bør skjerpa seg, at ein belastar samfunnet med store helseutgifter og at ein i verste fall kjem til å døy av det.

Stigmaet, skamma og moralismen ser ikkje ut til å bli mindre av at stadig fleire fyller kriteria for “sjukeleg overvekt”. Snarare tvert i mot. Og når ein veit at dei aller fleste som deltek på ulike program for å endra livsstil opplever tilbakefall, er det ikkje rart at fedmeoperasjon seiler fram som den store løysinga.

Mesteparten av forskinga rapporterer om “god effekt” av operasjon. For dei som søkjer informasjon om fedmeoperasjon er det lett å finna marknadsføringsinformasjon frå private klinikkar som selgjer produktet. Dessuten florerer det av “før og etter”-bilete og gladhistoriar om aktive og lukkelege liv på ulike nettfora for fedmeoperererte.

Du skal leita mykje meir for å finna kritiske stemmer som gir deg fakta om dei omfattande og alvorlege problema operasjonane kan føra til. Karen Synne Groven er ei av få kritiske stemmer i debatten. Hennar kritikk er basert på solid forsking. Groven har skrive doktorgrad om konsekvensar av slankeoperasjonar, og har intervjua dei som har blitt operert om livskvaliteten etter operasjon.

Anna forsking har dokumentert at omlag 20 prosent av dei opererte rapporterer om kroniske infeksjonar, feilernæring, interne blødningar, oppkast, diare, skjelvingar, smerter og andre fordøyelsesproblem. Groven gjev oss eit djupt innblikk kva dette kan bety for livskvaliteten.

Groven har intervjua i overkant av 20 kvinner, kor fem av dei fortalde om svært redusert livskvalitet. Historiane gjorde sterkt inntrykk på henne, og på meg då eg las artikkelen:

“Dersom jeg skulle sammenliknet min livssituasjon i dag med situasjonen før operasjon, så var det supert før. Jeg håpet at livet mitt skulle bli bedre, at alt skulle bli lettere når jeg gikk ned. At det skulle bli lettere å gå opp trapper, lettere å leke med barna. I stedet føler jeg meg mer eller mindre funksjonshemmet. Alt er et ork, og livskvaliteten er verre nå enn før”.

Dei fleste kvinnene i studia hadde ingen særskilte helseproblem før operasjonen, og fortel om aktive og sosiale liv. Det som derimot plagde dei mykje, var ei sterk redsle for kva helsekonsekvensar overvekt kunne koma til å ha i framtida. Kvinnene var redde for kne- og skjelettplager og for å plutseleg døy av hjarteinfarkt. Dei snakka om fedmeoperasjonen som ei løsying på dei helseproblema som kunne koma, og ikkje faktiske helseproblem.

Ein annan viktig motivasjon for operasjon, var ønske om å sleppa unna stykke kommentarar og stigmatisering. Ei kvinne fortel om å bli fortald at “du er den styggaste personen eg nokon gong har sett”. Slik negativ merksemd har sjølvsagt konsekvensar for sjølvtilliten. Trakassering, stigma og skam begrensar sosial liv. Å sleppa dette, å få oppleva at ein er attraktiv, at ein er akseptert var for mange ein viktig motivasjon for operasjon.

Kvinnene fortel om ein euforisk periode i tida rett etter operasjonen. Dei passer inn i kleda dei har ønskt seg, dei får positive kommentarar på utsjåande, dei blir sett; folk møter dei rett og slett på ein heilt annan måte. I den perioden var mange svært aktive på ulike nettfora, delte sine positive opplevingar med andre kvinner og opplevde å høyra til i eit fellesskap av kvinner.

Men så kom problema. Kvinnene opplever at dei alltid er trøytte, alltid vil sova, at dei er fullstendig tappa for energi og kjenner seg totalt utslitne. Nokon opplever hukommelsestap, andre svimmelheit og problemer med synet. I tillegg er det smertene. Sterke stikkande smerter, eller meir konstante og diffuse smerter som flyttar seg rundt om i kroppen. I staden for at plagene forsvinn, slik legane seier dei vil, blir det verre og verre ettersom åra går.

På grunn av energitap og smerter må dei redusera både fysisk og sosial aktivitet. Livet blir meir inaktivt, med mykje tid på sofaen. I tillegg opplever kvinnene at store mengdar laushud fører til infeksjonar mellom hudfoldene og at kroppen er stygg og lite attraktiv. Ei kvinne skildrar det som å ha eit “fetthåndkle” rundt kroppen heile tida, og syns kroppen hennar er frastøtande.

Men for å få stønad til å fjerna laus hud må ein gå mykje ned i vekt og visa at ein kan halda den vekta. Men med utmatting, smerter og inaktivitet blir det utfordrande. Kvinnene forteller også om kronisk vitamin- og jernmangel, som ikkje betrar seg ved kosttilskot. Dei fortel om problemer med lågt blodtrykk, kjensleløyse i armar og bein og sterke skjelvingar på hendene.

Kvinnene opplever at kroppen deira er øydelagd inni, at han er som ein “øydelagt maskin”, og dei føler seg fanga i ein ekstremt vanskeleg situasjon som det ikkje går an å koma seg ut av. Dei opplever å vera funksjonshemma, ettersom problemene så til dei grader begrensar kvardagslivet. Dei sliter med å halda fram i jobben, og konsekvensen blir isolasjon og økonomiske problem.

Kvinnene opplever dessuten å bli avvist i helsevesenet. Når ingenting uvanlig er å sjå på bilder, så hevder legane at det er “psykisk”. Når ein opplever så store plager, så er det dessutan vanskeleg å stadig få høyra at operasjon er “den lette utvegen”. Både operasjonen og problema blir skammeleg og noko ein held skjult for andre. Nokon har prøvd å fortella om negative erfaringar på nettsidene der dei først fortalde gladhistoria, men problemer blir avvist av dei andre på forumet: “Du er alt for negativ”. Dermed sluttar ein å skriva.

Groven hevdar sjølvsagt ikkje at alle opererete opplever slike plager. Men det har svært alvorlege konsekvensar for dei det gjeld, og dei har ikkje fått informasjon om at dette kan skje. Gladhistoriane får plass, medan alvorlege konsekvensar blir ignorert, både i forskinga og i offentleg debatt. Kven er det som tener på det, ut over dei private bedriftene som har gjort fedmeoperasjon til business?

Denne bloggposten er i stor grad basert på artikkelen “My quality of life is worse compared to my earlier life”: living with chronic problems after weight loss surgery.

Illustrasjonsfoto: Epidemic, av Tony Alter, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content