Artig førr ungan

Det som er kjekt for ungane er gjerne moro for dei vaksne òg. Eg nemner i fleng: Mummitrollet, godteri når ein ikkje har lov, bade, boksen går, eventyr rund bålet og så bortetter. På søndagsturen herom dagen oppdaga me noko heilt magisk!

Nokre få hundre høgdemeter oppi bakken hang det plutseleg ein lapp om at det skulle vera sjeldne blomar i området. Eg nett hadde vore på tur for å finna den sjeldne blomen Marisko, og var i det botaniske hjørnet.

IMG_7131

Derfor vart eg først litt irritert over at det berre stod fargen på blomen på dette skiltet, og ikkje namnet. Eg skulle til å gå forbi, men tok ein liten kikk mellom einarbuskane og fekk auge på denne:

IMG_20150614_110132IMG_20150614_110143

Haha! For eit fabelaktig påfunn! Eit aldri så lite magisk innslag på søndagsturen! I tråd med instruksane plukka eg éin, i von om at det vil koma fleire til neste år.

IMG_20150614_110231

Dette fabelaktige påfunnet viste seg å vera ein del av barnas turdag på Leines. Dessverre vart barnearrangementet avlyst på grunn av sterk vinn og snø på fjellet (datoen var 14. juni….). Men det var i alle fall nokon som visste å setta pris på blomane likevel.

DSC02091

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content