Bright City Lights

Er folk på byda mindre tolerante enn folk i byane? Er det eit digert bygdedyr der ute som gjer at homofile må leva i skapet eller rømma til byen? 

Thomas Wimark har skrive doktorgradsavhandlinga “Beyond the Bright City Lights” og undersøkjar kor vidt lesbiske og homofile flokkar seg saman i dei store byane og korleis livet eventuelt kan vera på bygda.

Ved hjelp av statistiske metodar undersøkte Wimark busettingsmønstra til homofile og lesbiske i Sveige. Han fann ut at dei faktisk bur i byen i større grad enn heteroar. Men fleire lesbiske kvinner bur på bygda enn homofile menn. Og dei som lever i parforhold flyttar oftare til mindre stader ennn dei som er single.

Kan det vera fordi folk er meir tolerante i byane at skeive flyttar dit? Wimark undersøkte dette også. Han fann ut at toleranse ikkje kunne forklara tendensen til å flytta til byane. Det er nemleg ikkje nokon samanheng mellom graden av toleranse og kor det er flest homofile og lesbiske. Kanskje er det trua på at folk i byane er meir tolerante, heller enn at fdei faktisk er det,, som gjer at fleire skeive bur i byane?

Blant dei Wimark har intervjua, er det mange av dei eldre som fortel at dei rømte frå heimbygda før dei turde å koma ut av skapet. Blant dei yngre var det færre slike historiar. Når dei yngre fortalde om kvifor dei flytta, handla det stort sett om skule og utdanning, på same måte som for ungdom generelt.

Når ein er ferdigutdanna og har fått seg ein partnar flyttar folk gjerne heim. Ein vil gjerne at ungane skal veksa opp på ein mindre, tryggare stad med frisk luft og lite rushtrafikk når ein hentar i barnehagen. No er det blitt vanlegare at homofile og lesbiske får barn og etablerer kjernefamiliar, og dermed gjer ein som alle andre: Flyttar (heim) på landet.

Trass i normalisering og auka toleranse for ulike formar for seksuell orientering og kjønnsuttrykk, blir ein del unge skeive møtt med sladder, fordommar og trakassering på skulen og i lokalsamfunnet. Slik erfaringar har folk frå både bygder og byar.

Så korleis er det eigentleg å leva som skeiv på bygdene i Noreg i dag? Dette undersøkjer me på KUN i eit pågåande forskingsprosjekt på oppdrag frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet. Ein gong utpå vinteren vil me presentera svara. Følg med!

Illustrasjonsbilete: City Lights & Deep Blue Skies av Mark NG, (CC BY-NC-ND 2.0).

 

 

 

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content