Brøyting for barn eller bilar?

Det er nydeleg vinter i Bodø og sesongstart for brøyting. Det er også sesongstart for uframkommelege fortau og isklumpar i hjula på sykkelen.

Ein av dei første snømorgonane var eg ganske imponert over jobben som var gjort av både kommunen og Vegvesenet. Fortau og sykkelsti til skulen var godt brøyta, og til og med gangbrua over riskvegen på Mørkved var nokolunde framkomeleg. Det var heller ikkje ei rad av isklumpar som sperrelinje mellom gangfeltet og sykkelstien.

Då eg nærma meg barnehagen sank entusiasmen nokre hakk. Det smale fortauet på utsida av barnehagen var gjort om til lagringsplass for is og snø. Vegbanen var derimot fint brøyta, og det var laga plass til gateparkering.

Eg snakka med dei tilsette i barnehagen om manglande snørydding. Dei kunne fortelja at det var tradisjon for å fresa snøen frå fortauet, over gjerdet og inn på barnehagens uteområde. Dei hadde fleire gonger vore nøydde til å bruka arbeidstid på å fjerna eksos- og hundebæsjblanda snø. Dagen før hadde dei vore nøydde til å ta heile hurven av ungar med seg ut i vegbanen for å koma seg på tur. Dei hadde kontakta kommunen, men morgonen etterpå var fortauet like fullpakka med isklumpar.

På same vis som barnehagen har eg erfart at ein ikkje får verken svar eller betre brøyting av å klaga, sjølv om kommunen tilsynelatande har eit «system» for å melda inn, som sender ut høflege automatiske e-postar. Tidlegare hadde ungane til ein framståande politikar gått i barnehagen, og med direktekontaktar vart det heldigvis orden i sysakene. Men no stod dei ute og vakta dersom brøytemannskapet kom for å hindra at den skitne snøen var fresa over gjerdet.

Same dag trefte eg ei eldre kvinne på legekontoret. Ho fota seg med rullator og kunne fortelja at der ho bur blir ikkje fortauet brøyta og då kjem ho seg ingen stader. «Veit dei ikkje at det bur gamle folk her?» spurde ho. «Eg trur faktisk ikkje dei bryr seg så mykje», sa eg, som har observert byens brøyteprioritering over tid.

Saka er symptomatisk for kommunen, Vegvesenet og Statsbyggs brøytepolitikk: Omsynet til bilane står øvst på prioriteringslista. Vegbanar og parkeringsplassar blir brøyta tidleg om morgonen. Deretter, når det blir tid, blir sykkelvegar og fortau brøyta. Kanskje tek ein deretter ein ny runde på vegen, og får brøyta eit nytt tilfang av slaps eller isklumpar opp igjen på fortauet.

Når det er trongt om plassen fungerer fortaua som lagringsplass for snø og is. Bilvegen blir rydda fri for snø, men alle gåande får kara seg over haugar av snø, is eller slaps. Alternativt gå midt i vegbanen med barnehageungar eller rullator.

Bilveg for vaksne som er på veg til jobb: svært høgt prioritert. Skuleveg for barn, ungdommar, gåande vaksne på veg til barnehagen med ungen på akebrett, syklistar, eldre med rullator, folk i rullestol: lågt prioritert.

Det er sikkert nokon som vil hevda at det må vera slik fordi det er mest «samfunnsøkonomisk» lønsamt. Vaksne som ikkje møter på jobb (eller møter rasande og frustrerte) = tapt produktivitet. Barn som ikkje kjem seg på tur med barnehagen derimot, har null effekt på BNP. Eldre som blir sittande inne påverkar heller ikkje produktiviteten og innteninga. Dessutan blir velfødde, handlekraftige stemmeberettiga vaksne i bil gjerne fly forbanna når dei ikkje kjem seg fram, og dei har makt og innflytelse nok til å laga oppstyr. Dermed er prioriteringa av knappe brøytekroner openbar.

Ein kunne også ha laga andre reknestykke: Dersom brøytepolitikken blir nytta som eit av fleire verkemiddel for å redusera privatbilsme og «nudga» folk over på buss, bein og sykkel, så vil ein kunne spara store summar på reduserte helseutgifter og tidleg død på grunn av luftforureining, fedme og inaktivitet i kvardagen. Ein vil også kunne spara mykje på redusert forbruk av asfalt og færre vegutbyggingar i tiåra som kjem. Det er betre dersom asfalten blir liggande lengst mogleg som asfalt, i staden for at tunge elbilar forvandlar asfalten effektivt til svevestøv som me alle får gleda av å trekka ned i lunger og luftvegar. Og så er det klimaeffekten av redusert privatbilisme, som ein også kunne rekna litt på.

Medan eg ventar på andre politiske prioriteringar, så heier eg på kommunens og Vegvesenets brøytemannskap. Eg vonar at dei vil gjera sitt aller beste for å gjera vegane våre tilgjengelege for akebrett, barn, vaksne, syklar, barnevogner og rullatorar, og at barnehagar og leikeplassar ikkje blir brukt som lagringsplass for skitten snø.

Teksten vart først publisert på an.no 29. november 2023.

Foto: Helga Eggebø

1 thought on “Brøyting for barn eller bilar?”

  1. Pingback: "Brua skal ikkje brøytast" - Helga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content