Natur og friluftsliv

Nordsia

Bodø er eit nes som stikk ut i havet mot Sør-Vest. Me bur på Mørkved – på sørsida av neset. Køyrer ein utover til sentrum og vidare, kjem ein til Nordsia. Der finn du midnattsola om sommaren og kraftige fallvindar om vinteren. Me fekk oss ein fin tur ein nydeleg klårvêrsdag i låg haustsol. Me […]

Nordsia Read More »

Landegode

Øya Landegode er eit landemerke utføre Bodø. Eg har passert øya på utallige båtturar frå Steigen. I Sjåvika kunne me mang ein haustkveld sjå sola gå ned over Landegode. Først no nettopp fekk me oppleva landemerket på nært hald. Marius, Magnus og eg pakka teltet med oss og tok båten frå Bodø og ut til Landegode.

Landegode Read More »

Ingen skam å snu

I vinter ein gong, i Sjåvika, hadde Marius og eg fått det føre oss at no skulle Magnus få bli med på sin første utemiddag. Me lassa vogna opp med ved, laga ein stor porsjon med blodpannekakerøre og pakka pikkpakket og strena ned i fjæresteinane. Barn ingen hindring, hæ! Kameraet vart med for å dokumentera

Ingen skam å snu Read More »

Vår i Sjåvika

“Når skaren ber ein mann på Sankt Hans, då blir det ein sein vår”, er det eit gamalt uttrykk som heiter. Fullt så kalt og vinterleg er der ikkje i Sjåvika, sjølv om det streifa ei haglbyge over oss på morgonen 1. juni. Varmen let venta på seg, men slik er det når ein bur

Vår i Sjåvika Read More »

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content