“E du heilt homo eller?”

Mobbing har vore på dagsordenen heile veka. På veg heim i dag las eg oppsiktsvekkande forskingsresultat som eg berre er nøydd å fortella om: 6 prosent av heterofile gutar i 10. blir mobba. For homofile gutar er talet 36 prosent.

Både bifile (11,6 prosent for gutar og 8,3 for jenter) og lesbiske (10,3 prosent) opplever mykje meir mobbing enn heterofile. Men det er altså dei homofile gutane som i aller størst grad blir utsette for mobbing.

Mobbing har alvorlege konsekvensar. Blant dei som blir mobba er det mange som slit med angst og depresjon. Tidlegare forsking har slått fast at det ikkje er slik at det er dei som har psykiske helseproblem som blir mobba. Snarare er det slik at mobbing fører til angst og depresjon.

Dermed er det kanskje ikkje så overraskande at homofile, bifile og lesbiske rapporterer om langt meir depresjon og angst enn heterofile ungdommar. Homofile gutar skårer 8-9 gonger så høgt på angstskåren som heterofile gutar.

Når forskarane kontrollerer for mobbing, er omfanget av depresjon og angst berre litt høgare for lesbiske, bifile og homofile, enn for heterofile. Dette tyder på at det først og fremst er mobbing og plaging som er grunnen til at lhb-ungdom i så stor grad slit med pyskiske problem.

Det er fire til fem gonger så mange homofile som heterofile gutar som rapporterer at dei sjølv mobbar: 50 prosent av dei homofile gutane oppgjev at dei plager andre. Mange av dei plagar andre ved å slenga homofobe merknader etter dei.

Er ikkje det ganske overraskande? Ved første augnekast er det kanskje det. Men når ein veit at det er ein generell trend at dei som sjølv blir mobba også plagar andre, så er det ikkje så overraskande at homofile gutar, som i så stor grad sjølv er utsette for mobbing, plagar andre. Når forskarane kontrollerer for effekten av det å sjølv bli mobba finn dei ingen skilnader på homofile og heterofile gutar.

Det er Erling Roland og Gaute Auestad ved Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger som har utført denne forskinga. Ho var publisert i 2009 i rapporten “Seksuell orientering og mobbing”.

Illustrasjonsfoto: Bullying av Lee Morley, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content