Farfar døydde i februar medan snøklokkene bløma i hagen. Det er 20 år sidan no. Hagen hans finst ikkje lenger. Der plommetrea stod før står det hus no. Åkeren der han dyrka gulrot og potet er også blitt ei hustomt. Det sommargule huset han hadde bygd sjølv er måla grått, og har fått sin plass i den grågrå paletten som alle måler med no.
Her om dagen kokte eg sviskegraut slik farfar laga han: Svisker, aprikosar, rosiner og vatn, og potetmjølsjamning til slutt. Eg steikte fisk, kokte poteter og raspa råkost til middag, og sette meg ned med dessertskåla etterpå. Smaken av fruktgraut med strøsukker og ordentleg fløyte fekk fram ein klump i halsen. Tunga hugsar, og i lag med tårene strøyma minna om farfar fram frå sviskegrauten.
Eg mintest seglbåten me bygde i verkstaden han i kjellaren og vaffelrøra som alltid stod klar i kjøleskapet. Eg hugsar at han let meg få prøva treskjering. Han viste meg korleis eg skulle bevega på jarna og kroppen for å skjera fram roser og vakre blad i treverket. Eg hugsar at farfar og eg åt plommer rett frå trea i august.
Farfar var ein forteljar. Me ville gjerne høyra om krigen. Farfar nekta å undervisa i nazisme og vart fengsla under krigen. Eg hugsar at eg og bror min skogglo då han hoppa rundt på kjøkkengolvet for å visa korleis han og dei andre fangane måtte halda buksene oppe med hendene under eksersis på Grini. Dei fekk dårleg med mat i leiren og ettersom ingen fekk ha belte ramla kleda fort av kroppen under treninga.
Eg er ei som skriv. Det var farfar òg. Aksel Eggebø skreiv slektshistorie, lokalhistorie, avisinnlegg og samla inn gamle ord og uttrykk som høyrde til i Sandnesmålet i tidlegare tider. Ein av mine favorittar er ordet «bibelsprengde». Det er ein person som er så full av bibelsitat at dei tyter ut av munnen i tide og utide.
Farfar skreiv nynorsk. Det gjer eg òg. Han skreiv nynorsk tett på talemålet vårt, og let målforma utvikla seg i takt med måten me snakka på.
Farfar retta tekstane eg skreiv. Han noterte med blyant i linjene og i margen på arket, og kom med rettingar og forslag. Eg utvikla rettskrivinga, grammatikken og stemma mi med han som læremeister.
Våren etter at farfar døyde fann eg tilbake til nynorsken. Eg hadde bytta til bokmål i lag med resten av klassen. Det berre vart slik då skulen la ned den vesle nynorskklassen vår.
Men for akkurat 20 år sidan valde eg å gjera farfars mål til mitt eige igjen. Det var krevjande å øva på akademisk skriving og nynorsk på ein gong. Men eg er glad for at eg gjorde den jobben.
Det er godt å skriva på farfarmålet, hjartespråket mitt. Det er slik eg kan vera meg sjølv i teksten og skriva frå kroppen. Eg kan skriva frå smaken av sviskegraut på tunga. Om ein månad eller to spirer og blømer snøklokker, tulipanar og påskeliljer i hagen min, og raudsildra tryllar fram rosa blomar på svaberga ved havet lenge før noko blir grønt. Denne våren skal eg planta meir potet og gulrøter, og kanskje til og med skaffa meg eit plommetre. Neste gong eg måler huset skal det bli sommargult. Det passar så godt til sviskegraut.
Foto: Torbjørn Moe Eggebø
Nydelig, Helga! Selv om jeg ikke kjente Aksel så godt, ser jeg han tydelig for meg i teksten din.
Så fint! Då fekk du bli litt kjend med farfar, du også!