”Farvel Taliban!” var den talande tittelen på eit prosjekt avisa Nordlys lanserte i 2003 for å redusera mannsdominansen i avisa. Slike prosjekt hadde vore på sin plass i fleire norske aviser, og fram til den tida kjem så seier eg ”Farvel Dag og Tid” og seier opp abonnementet.
Eg har abonnert på vekeavisa Dag og tid i ein periode no, og hadde lenge stor glede av ho. Ikkje berre er det godt å lesa eit medium der folk konsekvent skriv nynorsk, men eg beint fram elskar dei lett moraliserande tekstande til Siri Helle skriv om mat, morar meg stort over kvar einaste tekst av Agnes Ravatn og diggar den dyktige journalisten Therese Sollien.
Dette kunne i seg sjølv vore grunn nok til å halda fram med å lesa avisa, dersom det ikkje var for at eg ein dag beit meg merke i den påfallande mannsdominansen blant dei som skriv i avisa. Eg gjorde derfor ei kjapp oppteljing for å sjekka om inntrykket stemte. Resultatet viste at 31 av 38 små og store redaksjonelle saker var skrivne av menn med typisk norsk namn. 6 tekstar var skrivne av ein kvinneleg journalist. 1 tekst var signert av ein mann med etnisk minoritetsbakgrunn.
Mannsdominansen ser dessverre ut til å vera relativt konstant frå veke til veke. Etter å ha tald gjennom dei fire siste utgåvene hadde eg følgjande tal. 17 av 22 debattartiklar er skrivne av menn. 50 av 57 musikk-, film- og bokmeldingar er skrivne av menn. Elles har det redaksjonelle stoffet ein mannsdominans på om lag 75 %.
Som aviser flest
Eg skal ikkje påstå at Dag og tid er verre enn avisredaksjonar flest. I snitt intervjuar avisene bortimot 3 menn før dei let 1 kvinne koma til orde. Slik var det for 25 år sida og for 15 år sidan, og slik er det framleis. Det er ikkje til å stikka under ein stol at det er ein viss Talibanstemning over det. Eg hartidlegare skrive på Maddam om manndsominansen i media, og her er hovudbildet:
- 60 % av avisoppslaga er mannlege kategorisert ut ifrå kjelde/bilde
- 81 % menn blant dei intervjua ekspertane
- 84 % menn blant ansvarlege red
- 71 % menn blant kjeldene
Redusert mannsdominans
Det finst fleire døme på avisredaksjonar som har gått i seg sjølv og gjort ein innsats for å redusera mannsdominansen i avisa. ”Farvel Taliban!” – det nemnte prosjektet i Avisa Nordlys vart sparka i gang etter initiativ frå kvinner i redaksjonen ettersom kvinnedelen blant kjeldene i avisa var nede på 16 prosent. Dei byrja med å konsekvent telja og tenka kjønn når dei planla neste utgåve av avisa. Etter eit år var kvinnedelen oppe i 35 prosent. Men det skjedde ikkje utan motstand. Prosjektleiaren fortalde:
”Det var menn som gikk i bresjen for å målbære motstand. Vi opplevde mannlige journalister som overså «kravet» om kvinnelige kilder, som nektet å la seg innordne. Vi vet at prosjektet ble snakket negativ om blant mennene. (…) Argumentasjonen handlet om hvorvidt det var faglig forsvarlig å praktisere denne formen for pålagt «ekstremlikestilling». Prosjektet innebar en maktforskyving internt i redaksjonen hvor kvinner fikk hevet sin status og stemme internt (…) Og når noen trer fram, innebærer det at andre må tre tilbake – og dette rokket ved de uformelle maktstrukturene hvor menn i Nordlys stod sterkt” (sitert i Etter beste kjønn: Kjønnsperspektiv på medier og journalistikk).
“En publisistisk nødvendighet”
Redaktøren i den svenske regionsavisa Vesterbottens Kuriren vart merksam på at dei hadde 51 prosent kvinner blant lesarane, men berre 23 prosent kvinner i tekst og på bilde. Som redaktør var det naudsynt å ta grep:
”Vi konkluderte med at vi ikke kunne være nyttige for leserne våre om vi ikke også fortalte og dekket kvinnenes virkelighet. Et mål ble satt – på sikt skulle 50 prosent av kildene være kvinner. Dette har ikke vært et likestillingsprosjekt men en publisistisk nødvendighet.(…) Innholdet i avisen er blitt bedre” (avisredaktøren sitert i Etter beste kjønn).
Målet dei sette seg var 50/50 menn og kvinner blant kjeldene og nokre av grepa dei tok var å 1) følgja konsekvensane ei sak har for vanlege folk. Då vart det fleire kvinner blant kjeldene, og 2) ringa kompetente kvinner når ein skal intervjua ein ekspert og 3) snakka med dei kvinnelege idrettsutøvarane og ikkje dei mannlege trenarane.
Drar opp snittet
Radioprogrammet Salongen har bestemt seg for å ha 70 prosent kvinnelege gjester. Nokon er nøydde til å trekka opp snittet, når kjønnsbalansen i mange samanhengar er så katastrofalt dårleg. Dessutan ønskte dei å testa om det verkeleg eg så vanskeleg å få kvinner til å stilla opp som mange vil ha det til. Deira erfaring er at dei fleste takkar ja til å bli intervjua og at det absolutt ikkje er vanskeleg å få kvinner til å stilla. Men, dei må ha eit konstant fokus og tella menn og kvinner systematisk, elles glir ein tilbake til fleirtal av menn.
På tidleg 2000-talet bestilte Trønderavisa ein analyse av kvinneprofilen på avisa og fekk fullstendig slakt. Den faglege analysen var heilt i tråd med tilbakemeldingar dei hadde fått frå kvinnelege lesarar. Sjefsredaktøren sette i gang eit prosjekt for å auka talet på kvinnelege kjelder. Det skapte mykje misnøye hjå menn med makt i redaksjonen, men ettersom sjefen hadde bestemt seg for at det skulle bli forandring, fekk dei opp talet til 40-50 % kvinnelege kjelder. Resultatet var at innhaldet i avisa betre:
”Tidligere var det ofte mannlige politikere, ordførere og rådmenn som i stor grad satte premisset for hva vi skrev om. Her er for eksempel jakt og fiske veldig viktig, og for ti år siden ble det skrevet om alle bjørner som ble skutt”.
Eit demokratisk problem
Det er stort fokus på kjønnsbalanse og mannsdominans i politikken og i næringslivet. Her tel me systematisk menn og kvinner, fører statistikkar og undersøkjer utviklinga frå år til år. Det er dessutan stor politisk vilje til å innføra ulike kvoteringsordningar på både vallister og i offentlege og private styrer. At me er opptekne av kjønnsbalanse i desse sektorane er ikkje så rart – det handlar om kven som har makt i samfunnet. Men det er påfallande lite merksemd kring mannsdominansen i media – den fjerde statsmakta. Når dei som sett premissane for det offentlege ordskiftet i hovudsak er menn, så har me eit demokratisk problem.
Eg har stor tru på at Dag og tid, så vel som andre norske aviser, har evne til å gjennomføra endringar av den sorten som Trønderavisa, Vesterbotten Kuriren og Avisa Nordlys kan fortelja om. I mellomtida seier eg ”Farvel Taliban, farvel Dag og tid” og ønskjer dykk lukke til vidare og velkomne tilbake ved eit seinare høve.
Teksten vart først publisert på Maddam, 18. mai 2016.
Kjelde: Eide, Elisabeth og Kristin Skare Orgeret (red) Etter beste kjønn: Kjønnsperspektiv på medier og journalistikk. Oslo: Universitetsforlaget.
Illustrasjonsbilete: Newspaper fire orange av Jon S (CC BY 2.0).