Så lenge eg kan hugsa har eg likt å lesa. Då eg gjekk på ungdomskulen sat eg time etter time i gyngestolen og las medan eg venta på foreldre og middag. Eg elska kjensla av å bli så oppslukt av ei bok at det var ingenting eg heller vil enn å lesa, lesa, lesa. La meg sleppa middag, skule og lekser. Eg vil berre lesa! Eg sneik til meg nokre sider til i kvar einaste ledige augneblink.
Eg hugsar at eg sat time ut og time inn og las boka «En passende ung mann». Det er ei over tusen sider lang historie om ei indisk kvinne som foreldra leita etter ein passande ektemann til. Boka var nokså langdryg. Kvifor las eg ho ferdig? Kanskje ville eg berre fullføra det eg hadde byrja på, og kanskje var det noko ved historia som fenga. Eg hugsar ikkje, men eg veit at denne og andre langdryge bøker har gjeve meg uthaldenheit til å lesa lange og ikkje veldig fengande tekstar. Det har kome godt med i studietida og i den akademiske jobbkvardagen.
Å hugsa kjensler eller innhald
Eg hugsar sjeldan handlinga i bøkene eg har lese tidlegare, og kan godt gløyma at eg har lese boka. Det som festar seg er kjenslene eg hadde av å lesa boka. Det boka vekte i meg, og kjensla av å vera i romanuniverset som boka opnar opp. Uroa, ubehaget, latteren, tristheita, sinnet, redsla eg følte då eg las.
Når eg les fagtekstar er det annleis. Då kan eg hugsa mykje av tekstar eg har lese for mange år sidan. Eg hugsar også ofte om lag kor i boka, om det var på høgre eller venstre side, eg las eit bestemt sitat. Ofte finn eg igjen avsnittet eg leita etter om lag akkurat der eg trudde.
Eg greier ikkje å navigera i bøker og artiklar på denne måten dersom eg les pdfar på datamaskin eller lesebrett. Dei har inga høgre og venstre bokside, og hendene kjenner ikkje kor langt ein har kome i boka. Derfor likar eg å lesa tekst på papir; då hugsar eg innhaldet betre og finn lettare igjen det som interesserte meg. Det er slik eg kan bruka det eg har lese i skrivearbeidet.
Notera på papir
For å ta til meg, bearbeida og hugsa det eg les må eg notera undervegs. Eg treng ein penn, ein blyant eller ein markeringstusj. Eg strekar under det eg oppfattar som interessant, nyttig og viktig. I tillegg kommenterer eg i margen. Det kan vera punktlister, eit utropsteikn, eit stikkord eller ein umiddelbar respons av typen «dette er det dummaste eg har høyrd», «interessant» eller «godt skrive!». Eg markerer også referansar i litteraturlista som interesserer meg.
Med denne metoden er det heilt naudsynt med marg på papiret, og derfor fungerer det ikkje å lesa på Kindl. Remarkable fungerer, for der blir den romslege margen på artikkel-pdfar med. Ulempa er at teksten blir veldig liten og det er meir plundrete å streka under dei små bokstavane som står tett i ttett.
Arkivering
Etter at eg har lese ein artikkel på papir notert undervegs legg eg han i haugen på pulten som har merkelappen «til arkivering». Eg må kunna finna teksten igjen for å kunna bruka det eg har lese i skriving, forsking og undervisning. Eg har utvikla eit arkivsystem som eg har nytta sidan 2006, og det har fungert bra i mest 20 år no.
Slik gjer eg:
- søkjar opp referansen på nett og importera til referansehandteringsverktøy (Endnote, Zotero og så bortetter).
- opnar referansen og finn fram til feltet «label» (Det kunne vore kva felt som helst; men det var dette eg tilfeldigvis valde for fordi det som regel er tomt når referansen er importert).
- finn fram den nyaste artikkelpermen i bokhylla
- sjekker nummeret eg noterte på den sist arkiverte artikkelen og skriv neste nummer på den eg no skal arkivera, til dømes 824 (dersom siste artikkel i permen var 823 noterer eg 824 på den neste og legg han på toppen i permen).
- skriv «824» i feltet «label» i referansen i Endnote og lagrar.
- når permen er ful skriv er nummerspennet på merkelappen på utsida, til dømes 735-825
I skrivande stund har eg over tusen artiklar akrivert i 20 permar på kontoret. Eg har prøvd ut tematisk arkivering artiklar. Eg starta ein gong med éin perm med temaet «migrasjon» og ein annan med temaet «vald mot kvinner». Men det vart fort for mange artiklar i kvar av desse kategoriane til å ha oversikt, og tema overlappar. Eg har lese og skrive mykje om krysningspunkta mellom vald i nære relasjonar og migrasjon. Kor skal slike artiklar i såfall? Kronologisk arkivering, nummerering og kopling til referansehandteringsverktøy er eit system som har stått seg i mest 20 år no.
Å nytta litteraturen i mitt eige arbeid
Det er lett å finna fram både nye og gamle tekstar. Eg søkjer på forfattar, tittel, stikkord eller leitar i gruppene mine i referansehandteringsverktøyet, og når eg har funne referansen er det berre å finna nummeret i labelfeltet og henta rett perm.
I den perioden eg las og noterte på Remarkable eksporterte eg teksten med notater som ein ny pdf og arkiverte denne som pdf-vedlegg i referansehandteringsverktøyet. Dei tekstane kan eg opna direkte i referansebiblioteket.
Ulempa med å ha artiklar med notater arkivert i permar er at eg må vera der permane er for å kunna slå opp i teksten og sjekka mine eigne notatar. Med heimekontor under korona var det upraktisk, og det avgrensar litt kva type skrivearbeid eg kan gjera på reise. Men ettersom eg hugsar betre det eg les på papir, og dessutan kom i skade for å øydeleggja det rådyre lesebrettet då lunsjboksen med fiskesupper opna seg i sekken, sverger eg til papir. Papir kan eg søla kaffi og fiskesuppe på, tørka av det verste og leggja til tørk.
Når eg les på papir, noterer og arkiverer kan eg hausta fruktene av lesearbeidet mitt når eg treng det, uansett kor mange år sidan det var at eg gjorde jobben.
Å lesa meg opp
Eg har fleire måtar å lesa faglitteratur på. Ein av dei er «å lesa meg opp» på eit nytt fagfelt, eller på eit fagfelt der eg ikkje har heilt oversikt lenger. Då handlar det om å få oversikt over kva som finst, kva som er sentralt, kva som er dei viktige poenga og manglane.
Eg plar byrja med eit søk i google scholar og skrollar gjennom søkja på jakt etter noko som fattar interesse. Derifrå klikkar eg meg vidare til tidsskriftet og den aktuelle artikkelen, gløttar på samandraget og lastar ned referansen dersom det ser nokolunde relevant ut.
Dei artiklane eg lastar ned går til vidare bearbeiding. Metaforen «å sløya ei bok» har blitt brukt for å skildra lesing for å få oversikt:
- skjer av halsen, det vil seia skumles introduksjonen
- sprett opp buken, det vil seia bla gjennom resten
- dra ut innvollane og sleng dei på havet, det vil seia å sjå og bla forbi alt det irrelevante
Den sløya fisken samlar Eg i den store plastkassa, det vil seia referansehandteringsverktøyet og arkiveringsbunka. Den beste fisken fileterer eg:
- kapp av hovudet, for det er eg ferdig med
- kapp av halefinna, det vil seia undersøk konklusjonane kjapt
- skjer ut fileten, det vil seia lesa nøyare det som faktisk er verd å ta med vidare i livet
Eg lagar ofte eit worddokument eller eit tankekart på papir med essensen av det eg har funne når eg har sløya tekstane.
Å nyta det beste
Filetane tek eg med meg heim eller ut. Eg kosar meg med «kvalitetsfisken» og les på sofaen heime, på senga om kvelden eller helst i ein god stol ute på terrassen. Ofte må eg ha på dunjakke, hue og hanskar for at det skal vera behageleg. Men eg har rikeleg med dunjakkar til alle årstider.
Eg les ikkje på kontoret. Kontorstolen min er godt til å sitja i framføre datamaskinen, men ubehageleg når eg skal sitja framoverbøygd og lesa det som ligg på pulten. På kontoret skriv eg på datamaskin. Eg blir forstyrra i lesinga berre av at datamaskinen er i rommet. Det er alt for lett å nett sjekka noko på maskinen, og det drep lesekonsentrasjonen like fort og effektivt som du smadrar myggen som sit på leggen din og suger blod.
Systematiske litteratursøk eller følgja ein tråd?
Når eg orienterer meg i eit felt kan referanselista vera sjølve fileten i fisken. Eg noterer meg kven og kva folk referanser til og kva som er relevant for meg å søkja. Frå referanseliste til referanseliste nøstar eg meg fram til oversikt. Systematiske søk i Oria og tidsskriftsdatabasar gjer eg når eg allereie har oversikt, og berre for å sjekka om eg får heilt andre treff. Ryktet vil ha det til at alle bibliotekarar saknar Bibsys, som objektivt sett var eit betre system. Det var alle på feltet fullstendig klar over, men likevel vart det bytta ut med Oria. Forstå det den som kan. Vel, vel.
Kos og inspirasjon
Så ofte eg kan spanderer eg på meg å lesa for å bli inspirert og fordi eg har lyst. Kanskje har nokon delt ein spennande ny artikkel på ei av e-postlistene eg følgjer. Kanskje har eg fått eit tips av ein kollega. Kanskje har eg kjøpt ei fagbok som eg lenge har tenkt at eg vil lesa, til dømes «The Mushroom at the End of the World» av antropologen Anna Tsing.
Når eg leser for inspirasjon og lyst leser eg som regel heile teksten og i eit rolegare tempo. Dersom teksten viser seg å ikkje fenga meg likevel, legg eg han frå meg og er ferdig med det. Men når boka er fantastisk – som den ovanfornemnte av Tsing – leser eg ho på sofaen som ein roman. Gjerne heilt utan å notera nokon ting, men får masse tankar i hovudet og gode idear om heilt andre ting. Løye! Digg!
Avskrift for læring
Når eg skal sløya ei bok låner eg dei som regel på universitetsbiblioteket. Nokon gonger viser boka seg å vera så interessant å nyttig at eg vil lesa nøye for læring og vidare bruk. Då må eg notera. Eg burde sikkert ikkje seia det offentleg, men nokre gonger noterer eg forsiktig i bibliotekbøker med svak blyanskrift. Eg ser at enkelte andre gjer det same, og eg syns alltid det er interessant når ein lesar har lagt igjen spor etter seg på denne måten. Men det er garantert ikkje lov, og eg gløymer ofte å gå over boksidene med viskelær før eg leverer ho inn igjen. (Ave Maria, tilgje syndene mine!).
Dersom delar av denne boka er særleg nyttig for det vidare arbeidet, set eg meg ned og skriv av dei setningane og avsnitta i boka som eg har streka under. Avskrift er den beste måten å bearbeida og memorera det eg les. Ofte likar eg å skriva for hand, og då hugsar eg det særskilt godt. Med handskrift får eg jobba det inn i kroppen og gjort det til mitt eige. Etterpå er det lett å skriva om teksten med eigne ord, utan å sjekka notat, sitat eller sidetal.
Eit godt alternativ er å skriva rett inn i «research note» feltet i Endnote. Då har eg sitat (med sidetal notert i parantes) klar til neste gong eg har bruk for denne teksten. Då treng eg sjeldan låna boka på nytt, for eg har både aktuelle sitat og sidetal liggjande i Endnotebiblioteket. Å skriva på tastatur jobbar også stoffet inn i kroppen og det er lettare å finna tilbake til enn å leita rundt i gamle notatbøker.
Bøker eller artiklar
Å sløya og lesa artiklar går fort og effektivt. Bøker er meir tidkrevjande å sløya og fortæra. Men bøker har gjerne betre flyt, eit betre narrativ og er meir fengande og lettlest.
Artiklar avslører gjerne det meste i samandraget, og når eg kjem til introduksjonen syns eg allereie at forfattarane gjentek seg sjølv. Gode fagbøker er drivande og eg leser spent vidare for å finna ut kva som skjer! Då eg sette meg ned for å lesa den sosiologiske klassikaren «Moderniteten og Hollocaust», som eg hadde sett folk referera til tusen gonger, syns eg ho var fantastisk! Eg fekk litt av den same kjensla som når eg les ein god roman, og las heile greia fordi det var kjekt og fordi eg vart inspirert. Andre fagbøker er like kjedelege som ein tørr og repetativ vitskapeleg artikkel i verste versjon av IMRaD-formelen.
Å lesa utan og sovna
Dette vart ein veldig lang tekst om lesing, og når du har lese heilt hit har du kanskje blitt søvnig opp til fleire gonger allereie. Eg blir alltid trøytt og søvnig av akademisk lesing. Då eg var vaken med grinete ungar fem-seks gonger i løpet av natta var det vonlaust å lesa noko som helst på papir. Men eg blir søvning uansett kor godt eg har sove.
Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sete på lesesal på Sydneshaugen i Bergen og kjent at søvnen innhentar meg der eg sit bøygd over den tjukke boka om latinamerikansk historie. Uansett kor mykje eg strever, prøver å skjerpa meg og konsentrerer meg, så blir teksten meir og meir blanda saman med ein draum. Blikket ramlar frå den aktuelle linja og nedover på sida. Eg har ikkje sjans. Eg kan teknisk sett tvinga meg til å la blikket følgja orda, men eg får ikkje med meg kva orda betyr. Haka fell mot brystet. Hovud sjanglar frå side til side.
I løpet av ein time med smertefull streving og lyden av ein indre kritikar som meiner eg må skjerpa meg, blanda med draumeaktige rekker av ord, har eg kanskje lese eitt einaste avsnitt i boka. Det er ikkje verd det. Det er betre å gje opp. Betre å leggja panna ned på pulten, lukka auga og la tankane faktisk bli til draumar. Det er ei velsigning å gje etter. Men det er ikkje veldig behageleg å sova med panna på pulten, så det blir sjeldan særleg lang dupp. Men dei ti minuttane eller så er det som skal til for at kanskje kan greia ein time til med lesing etterpå.
Det er noko heilt anna å lesa faglitteratur på sofaen heime. Då er det så utruleg behageleg å gje etter for trøyttheita som garantert kjem. Når eg kjenner at slaget er tapt, eller at eg berre ikkje gidd å kjempa uansett, så legg eg meg godt til rette under teppet og gjev etter for søvnen. Det er så uendeleg deilig! Ulempa med den gode sofaen er at det er fort gjort å sova i ein time eller to. Men då var det kanskje soving og ikkje lesing kroppen trengte den dagen. Soving er måten hjernen sorterer best på, så det er ikkje sikkert det var så dumt å sova eit par timar heller.
Dersom eg ikkje vil gje etter for søvnen gjeld det å ha korte leseøkter og aktive pausar. Gjera ein solhilsen etter 20 minutt lesing. Ta ti minutt ute på terassen med ein kopp te etter 15 minutt lesing. Teikna ei glorete sol og eit barnetekningaktig menneske med fargerike tusjar på papir. Det finst mange triks dersom du ikkje føler du kan spandera på deg å gje etter for søvnen.
Nettopp fordi fagstoff er så søvndyssande så tek eg gjerne med meg eit par artiklar til senga når eg søv dårleg. Eg finn meg nokre halvkjedelege, heilt greie artiklar i eit standardisert format. Det er her IMRaD kjem til sin rett! Ingen overraskingar i teksten, verken formmessig eller innhaldsmessig. Alt er avslørt allereie i samandraget, og så er det mest repetisjon og litt kjøt på beina. Så herleg betryggande og søvndyssande! Velsigna er den som får sova.
Foto: Karoline O.A. Pettersen
