H for hauk

Boka H for hauk av Helen McDonald er ei fortelling om djupt menneskelege spørsmål som kjærleik, døden og sorg. Samstundes er det også ei instruksjonsbok for korleis ein temmer ein rovfugl. Det høyres litt rart ut. Men det er ei kompleks, heilstøpt og djupt gripande fortelling.

Hovudpersonen i fortellinga, som i likskap med forfattaren heiter Helen, har alltid vore nært knytt til faren. Boka startar med at han døyr. Som ei flukt frå smerten og sorga, skaffer Helen seg den hønsehauken ho alltid har drøymd om å trena opp.

Sentralt i boka står fortellinga om ei anna bok og ein annan forfattar som også temmer ein rovfugl. Forfattaren White har skrive ei bok om seg sjølv og livet med hauken Gos. Også for han blir relasjonen til hauken ei slags flukt frå vonde kjensler.

Parallelt med at det veks fram sterke band mellom Helen og hauken, trekk ho seg stadig meir unna andre menneske og den menneskelege verda. Til slutt har ho gått så opp i verda til hauken, der dei to jaktar på fasan og hare i friområda rundt Cambridge, at ho er i ferd med å mista seg sjølv.

Kjensleliva til dei to personane Helen og White er svært ulike, og dei høyrer til i ulike tidsepoker. Historiene om dei to haukane er også veldig ulike. Der White mislukkast, evner Helen å skapa eit band. Dei fire fortellingane om 2 menneske og 2 fuglar er nydeleg pusla saman.

Den svært praktiske og tekniske innsikten i korleis ein trenar opp rovfuglar til jaktkameratar, blir ein metafor for livet, kjærleiken og banda mellom menneske. Men utan at det kan reduserast til ein rein metafor: det er også på sett og vis ei lærebok i ein sport eg aldri før har visst noko om.

Eg slukte ikkje denne boka. Det tok meg faktisk litt tid og innsats å lesa ho. Men innsatsen kasta verkeleg av seg. Dette er ei bok som har betydning.

Illustrasjonsbilde: Hawk av Paul Horner, CC BY-SA 2.0

1 thought on “H for hauk”

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content