Helsesystrer til halv pris?

Under halvparten av dei 380 millionane kommunane har fått til å styrka skulehelsetenesta har blitt brukt til dette føremålet. Slik kan det gå når statlege satsingar kjem i form av frie midlar. Eg skriv om skulehelsetenesta i denne vekas utgåve av Dag og tid

Psykisk helse og skulemiljø for barn og unge har stått høgt på dagsordenen den siste tida. Tal frå Ungdata syner at svært mange unge slit med psykiske helseplager. For nokre veker sidan la Djupedalutvalet fram ei omfattande utgreiing om mobbing, krenkingar og psykososialt miljø i skulen.

Om lag 4 prosent av elevane i Noreg blir mobba, og heile 15 prosent opplever krenkingar, som å bli gjort narr av, helde utanfor og negative kommentarar om utsjåande. 1 av 4 jenter og 1 av 10 gutar sliter med psykiske helseplager, og dei som blir mobba er klart meir utsette for slike plager.

Eit av hovudtiltaka frå Djupedalutvalet er å styrka skulehelsetenesta. Dei tilsette der har ei viktig rolle når det gjeld førebygging av fysiske og psykiske helseproblem. Helsesystrene kan vera ein å snakka med om vanskelege familierelasjonar, mobbing, stress og karakterpress eller spiseforstyrringar. Behovet for å ha nokon å snakka og rådføra seg med er stort.

Det er brei semje om at skulehelsetenesta har ei nøkkelrolle i folkehelsearbeidet, men det har lenge mangla ressursar. Per dags dato er det ingen som har oversikt over kor stort det udekka behovet er, eller kva som skal til for å dekka det. Barneombodet har estimert at det manglar minst 1500 stillingar.

I 2014 og 2015 fekk kommunane til saman 380 millionar for å stryka helsestasjonane og skulehelsetenesta, utan at dette løyser problemet. For det første manglar det framleis 400 millionar for å nå Helsedirektoratet si minstenorm. For det andre har under halvparten av pengane kommunane fekk, blitt brukt til å styrka skulehelsetenesta. Det syner ei kartlegging som bladet Sykepleien har gjort.

Dei fleste kommunane i landet har altså ikkje auka talet på årsverk i skulehelsetenesta, sjølv om dei har fått pengar til det. 23 kommunar rapporterer til og med om ein nedgang. Slik kan det gå når statlege satsingar kjem i form av frie midlar. Kommunane står fritt til å gjera eigne politiske prioriteringar, så lenge dei held seg innanfor lova.

Spørsmålet er om 235 kommunar kan ta seg råd til ikkje å prioritera førebyggande helsearbeid blant barn og unge. Mobbing, krenkingar og dårleg skulemiljø har alvorlege konsekvensar både på kort og på lang sikt. Det fører til dårlege skuleprestasjonar og aukar sjansen for psykiske helseplager, sjølvmord, fråfall, kriminalitet og vanskar med å fungera i arbeidslivet. Dette er dyrt for kommunane.

Forskingsrapporten Skeiv på bygda peikar dessutan på at skulen har mykje å seia for kva forhold ungdom har til heimplassen sin. Dei som flytter heimanfrå for å ta utdanning, og endeleg opplever å sleppa unna mobbing, krenking og dårleg miljø, vil gjerne ikkje flytta tilbake. Mange kommunar, og særleg dei små, er opptekne av å få ungdommen heim. Då vil det vera lite strategisk å nedprioritera førebygging, helse og trivsel blant barn og unge.

Illustrasjonsbilde: Depression after loss av Utah, Salt Lake City, CC BY 2.0

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content