Høyrde du ikkje etter, Solberg?

Nesten tre hundre institusjonar og enkeltpersonar tok seg tid til å skriva grundige svar då regjeringa ba om innspel på deira forslag om innstramming i innvandringspolitikken. Høyrde du ikkje etter, Erna Solberg?

I romjula presenterte Sylvi Listhaug ei rekke kraftige innstrammingar i innvandringspolitikken. Forslaga var dramatiske, omfattande og vanskelege å få oversikt over. Departementet hadde ikkje gjort jobben med å sjekka fakta og få konsekvensane fram i lyset, så den jobben måtte høyringsinstansane gjera.

Ein konsekvens av forslaga er at det vil bli praktisk talt umogleg for flyktningar å få familien sin til Noreg. Prisen for familiegjenforeining blir så høg at ingen med flyktningbakgrunn kan ventast å greia kravet. Dette vil tvinga fleire kvinner og barn til å leggja ut på den dødelege reisa til Europa.

Høyringsinstansane har plukka frå kvarandre både forslaga og det feilaktige grunnlaget mange av forslaga er basert på. Til og med Justisdepartementet sine eigne underliggande etatar – UDI og Imdi – har vore svært kritiske.

Men Solberg og co har vald å ikkje høyra etter, og leverer no meir eller mindre identiske forslag på nytt. Kva er vitsen med høyring når ingen høyrer etter? Lovprosessar av denne sorten er eigna til å undergrava heile høyringsinstituttet.

Illustrasjonsbilde: Skjermdump frå pressekonferanse.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content