Klimapolitikk nedanfrå

2018 var året då klimaangsten tok meg fullstendig. Ein lengre periode med over 30 grader i Bodø i sommar var den utløysande årsaka. Men redsla gav seg ikkje med kaldare vêr, logisk nok.

Det er mogleg å bremsa dei menneskeskapte klimaendringane slik at temperaturen ikkje stig med meir enn 1,5 grader. Det går fram av rapporten som FNs klimapanel la fram i haust. Men det krev at me halverer klimagassutsleppa på 12 år.

Det er dessverre lite som tyder på politikarar rundt om i verda vil sørga føre slike kutt. Noreg – med Erna Solberg i spissen – tek sikte på å redusera våre klimagassutslepp med skarve 13 prosent dei neste tolv åra. Andre høgrepopulistiske regjeringar, som USA og Brasil, har sagt dei vil trekka seg frå Parisavtalen om reduksjon i klimagassutslepp.

Det er lett å bli vonlaus, deppa, redd og oppgitt. Det går 13 på dusinet av forskningsbaserte katastrofescenarie på grunn av klimaendringar. Masseutrydding av insekt, fisk og dyr. Svikt i matproduksjonen. Øyer og landsbyar har allereie sunke i havet, og fleire vil det bli. Flaumar, orkanar og ras. Tørke og skogbrann. Og likevel er det ingen som vil gjera noko?! Det heile er til å bli galen av.

Leiande politikarar leiar ikkje an i kampen mot klimaendringar. Snarare tvert imot. Me andre kan velja å drukna i regn og mismot, eller ta saka i eigne hender. Der finst oppløftande døme på det siste: Grasrotinitiativet “Extinction Rebellion” mobiliserer folk over heile Storbritannia til lokal handling og sivil ulydnad. Skuleelevar over heile verda streikar mot klimafiendlege politikarar. Mest kjent er 15-åringen Greta Thunberg som har talt i FN og har ei stemme som gjev håp, også til oss som er halvgamle og pessimistiske.

Sjølv har eg følgjande plan for 2019: Eg skal ta ein god porsjon klimaangst og bytta ut med litt handling i kvardagen. Det blir mindre bil, meir sykkel og buss. Mindre kjøt og meir vegetarmat. Fleire møter i Oslo via skype. Kjøpa mindre ting. Melda meg inn i ein eller fleire miljøvernorganisasjonar. Stemma på parti som set miljø og klima framføre arbeidsplassar og forbruk. Ikkje minst skal eg leita med lys og lykter etter vanlege folk, galne aksjonistar og politikarar med ryggrad som endrar verda. Eg treng dei gode historiane.

Det er også duka for lokal kvardagsaksjonisme: Etterspør sykkelstativ på dei lokale kjøpesentra og i barnehagen. Be kommunen brøyta gangbrua på Mørkved. Starta aksjonsgruppe for parkeringsavgift og sykkelgarasje på campus i Bodø.

Det er ikkje vanskeleg å setja opp reknestykke som viser at alt me vanlege folk kan gjera i kvardagen monnar lite opp mot dei store klimautsleppa frå oljeindustrien, prosessindustrien og transportsektoren. Likevel har eg trua på dei små handlingane i kvardagen. Dei får ringverknader. Dersom du bestemmer deg for å ta bussen eller sykkelen til jobb (sjølv om du har bil og det tek lengre tid og bussbilletten kostar dobbelt så mykje som den skamlaust billige bomringen), så stiller du deg på lag med dei av oss som skaper etterspurnad etter fleire bussar. Du er blant dei som reduserer behovet for vegutbygging, ikkje plages nevneverdig av auka bompengar og krev betre sykkelstiar ved neste lokalval. Du kjem ikkje til å vera blant dei som sit i lunsjen og klagar over høge bensinprisar og dårleg busstilbod. Du kan heller opplysa at det funker heilt fin å køyra buss – det er faktisk heilt strålande å ha litt tid til å lesa bok eller stirra ut av vindauga om morgonen. Verda ser nemleg heilt annleis ut frå eit bussvindauga eller over eit sykkelstyre.

Frå den ståstaden vel du å visa dine eigne og andre sine barn at miljøengasjementet ikkje berre er noko ein veks av seg med alderen, men at også vaksne er villige til å la fornufta styra vanen. Kanskje det er den viktigaste oppgåva min generasjon kan gjera: Vera gode forbilde og støttespelarar for den oppveksande generasjonen som skal redda verda. Blir du med?

3 thoughts on “Klimapolitikk nedanfrå”

  1. Takk for at du holder koken på dette temaet, Helga!

    Med eksempelsamlingen “Hva er kjønnsperspektiver i forskning?” friskt i minnet, så leser jeg litt annerledes det raseriet du beskriver når du sykler på et isete, trangt fortau (hvis det er noe fortau i det hele tatt) mens bilene kjører på nyskrapa, nysalta, nystrødd vei. Det er ikke bare klimaangsten som tar oss, det er også det at klimakampen og likestillingskampen henger så utrolig tett sammen. Så det er Patriarkatet sjølve som suser selvsikkert forbi deg på de veiene, og en kan jo bli rasende av mindre!

    Eksempelsamlingen viser at i alt fra hva slags transport og mat de velger, til hvilket friluftsliv de prioriterer, så leder kvinner an i hvordan vi må handle for å berge jorda. Og at mye av det som har rævkjørt klimaet er fundert i maskuline verdier. Så da er det bare å få i stand en global overbevisning om at det kuleste er å leve som kvinner. Godt at historien har mange eksempler på at det har lykkes før!

    http://kjonnsforskning.no/sites/default/files/hva_er_kjonnsperspektiver_i_forskning_rogg_korsvik.pdf

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content