14,6 prosent av den norske befolkninga er over 67 år, og fram mot 2060 er talet venta å stiga til omlag 20 prosent. Med slike tal og framskrivingar opnar dei fleste forskingsrapportar og politiske dokument som handlar om eldre og eldreomsorg. Vidare følgjer gjerne tal som viser at ein stor del av utgiftene i helse- og omsorgssektoren går til personar over pensjonsalder, og at utgiftene er venta å auka i takt med ei aldrande befolkning.
Både på folkemunne, i Statistisk sentralbyrå og i stortingsmeldingar går den demografiske utviklinga under namnet «eldrebølga». Ei bølge – eller kanskje ein tsunami – som stig opp av havet, slår inn over lokalsamfunna og truar med å drukna oss alle saman. Dette ser ut til å vera den vanlegaste metaforen for å skildra det faktum at dei fleste av oss i Noreg får lov til å leva eit langt liv. Med slike fakta, problemstillingar og spørsmål blir dei av oss som har passert 67 år definert som eit sosialt og politisk problem som politikarar og fagfolk må løysa, og som ei bør dei av oss som er yngre må bera på sine skuldrer. Ikkje rart at mange av dei av oss som har nådd pensjonsalder eller meir, ikkje vil bruka merkelappar som «gammal» eller «eldre» om seg sjølv.
Det er eit tankekors at så mykje av forskinga på aldring og eldreomsorg tek utgangspunkt i perspektivet til politikarar og profesjonelle, og deira forståing av aldring som samfunnsproblem – ikkje perspektivet til dei av oss som lever alderdommen. I prosjektet «Ageing at home», finansiert av RFF Nord, har me intervjua 28 eldre i Tana og Steigen om livet dei har levd, korleis det er å bli gammal og korleis dei opplever eldreomsorga.
«Eg kan ikkje klaga», viste seg å vera ei gjennomgåande fråsegn i materialet. Då me undersøkte dette uttrykket og forteljingane deira nærare, fann me at ikkje å kunne klage kan bety fleire heilt ulike ting, men at det har ein klar og tydeleg overordna bodskap: Kroppslege behov, som medisinsk og praktisk hjelp, er stort sett dekka. Men, like mykje som det å ta vare på kroppen, har dei av oss som er blitt gamle også behov for to heilt essensielle ting:
- Å bli sett som eit heilt menneske og ikkje bli redusert til ein stakkarsleg omsorgsmottakar.
- Å ha tilgang til meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar i kvardagen.
Fleire av våre informantar etterlyser i så måte at dei så gjerne skulle komme seg ut av huset, treft andre folk, hatt ein interessant samtale eller gjort ting dei har brukt å gjera da dei var yngre og friskare, som å komme seg ut i båten, vore på hytta, gått på besøk til naboen, laga kaffibål ved elva, bakt lefse, eller andre ting som opplevast som meiningsfylt. Men mange av dei me har snakka med spør etter ei eller anna form for hjelp eller tilrettelegging for at dette skal vera innanfor rekkevidd.
Utfordringa, slik som den norske eldreomsorga er organisert, er at fokuset først og fremst er på helsefaglege og praktiske oppgåver. Sosial omsorg kan seiast å vera ein blind flekk. Det vil seia, dei tilsette i heimesjukepleia, som vi også intervjua, fortel at dei ser at ein del eldre kjenner seg einsame og at dei saknar meiningsfylte aktivitetar og sosialt fellesskap. Men dei opplever ikkje at dei har tid, eller at dette er deira primære oppgåve å skulle vareta.
Ikkje finst det vedtak på slike oppgåver heller. Nokre tilsette spør etter sosialarbeidarar eller miljøterapeutar, men desse faggruppene er dårleg representert i norsk eldreomsorg.Andre etterlyser eit betre samarbeid med frivillig sektor. Det å vareta sosiale omsorgsbehov er sjølvsagt delvis eit spørsmål om tid og ressursar, og dei kommunale helse- og omsorgstenestene er under press. Men det er også eit spørsmål om fokus, merksemd og organisering, og her meiner me at det er viktig og mogleg å få til betringar.
Meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar er viktig for livskvaliteten til kvar og ein, men det er også viktig i eit folkehelseperspektiv. Med omsorg for både kroppen og sinnet er det betre sjanse for at me held oss friske og sjølvstendige så lenge som mogleg.
Denne teksten vart publisert i Kommunal rapport 4. desember 2017.
Illustrasjonsbilde: we visited Gigi’s grandmother in an old people’s home this sunday av paolobarzman CC BY-NC-ND 2.0