Kvinner som møter i nemnder

Tusenvis av kvinner og menn demonstrerte i går til støtte for abortlova, og for kvinners rett til sjølv å bestemma over kroppane våre og liva våre. Men for ordens skuld. Den paragrafen som er oppe til debatt i denne runden – abortlovens § 2 c  – handlar ikkje om kvinners rett til å bestemma sjølv, men på kva grunnlag ei kvinne kan få innvilga abort etter søknad (begjæring). Det er abortnemndene som tek avgjerda. Rett nok får dei aller fleste innvilga søknaden og kvinna sine eigne vurderingar skal vektleggjast. Men det er nemnda, ikkje den gravide kvinna si avgjerd, slik lovverket er i dag.

Når ei kvinne søkjer om svangerskapsavbrot etter veke 12, kan søknaden godkjennast av følgjande fem grunnar: Dersom svangerskapet fører til til “urimelig belastning for kvinnens fysiske eller psykiske helse”, set ho i ein “vanskelig livssituasjon”, dersom barnet “kan få alvorlig sykdom”, dersom kvinna vart gravid som følgje av valdtekt eller incest eller dersom kvinna er “alvorlig sinnslidende eller psykisk utviklingshemmet”.

KrF og Erna Solberg har opna for å fjerna alvorleg sjukdom som abortgrunn. Men Solberg insisterer samtidig på at dei som i dag får innvilga abort også skal få det i framtida. Men grunngjevinga må då vera at det fører til “urimelig belastning” eller set kvinna i ein “vanskeleg livssituasjon”. Som Tilde Broch Østborg har peika på i ein kronikk i Morgenbladet: “Dersom de skal måtte søke nemnd under §2.3a/2.3b frykter jeg at de vil måtte gå en kanossagang og brette ut sin sosiale og psykiske situasjon eller hykle for nemnden om slike forhold”.

Eg ser det føre meg: Mi framtid og mitt liv ligg i abortnemnda sine hender og eg må fortelja ei forteljing om meg sjølv og mitt liv som gjer det mogleg for nemnda å gje meg tilgang det eg ber om, i dette tilfellet abort. Eg må presentera mi fysiske og psykiske helse og livssituasjon på ein måte som gjer at svangerskapet og barnet kan kategoriserast som ei urimeleg belastning som vil setta meg i ein vanskeleg livssituasjon.

Situasjonen har nokre parallellar til møter i ei heilt annan nemnd, nemleg Utlendingsnemnda. Då eg skreiv masteroppgåva mi arbeidde eg med saker som gjeld utanlandske kvinner som er blitt utsette for vald i parforholdet. Hovudregelen er at dersom du ikkje har fått permanent opphald i Noreg, så blir du kasta ut av landet dersom du går frå ektefellen din. Men der er eit unntak: Dersom du blei mishandla av partnaren din får du bli. Problemet er at “mishandling i utlendingslovens forstand” er meir enn å bli utsett for vald. Valden må ha ført til redusert livskvalitet. Då eg arbeidde med dette i 2007, fann eg døme på at kvinner som blei vurderte som “ressurssterke” fekk avslag på søknaden. Dei greidde seg bra, hadde mykje å fara med og hadde dermed ikkje fått redusert livskvaliteten tilstrekkeleg til at valden dei hadde vore utsette for kvalifiserte til mishandling i utlendingslovens forstand.

Eg ser det føre meg: Mi framtid og mitt liv ligg i Utlendingsnemnda sine hender. Eg må fortelja ei forteljing om meg sjølv som gjer at dei trur på at eg har blitt utsett for psykisk og fysisk vald, slik at det er mogleg for dei å gje meg det eg ber om, nemleg å få bli i Noreg. Eg må presentera mi fysiske og psykiske helse og min livssituasjon på ein måte som gjer at eg ikkje blir sett på som “ressurssterk”, men som ei kvinne som er skadd og har fått redusert livskvaliteten av ein valdeleg partnar.

Kvifor insisterer me på å ha slike system som gjer at kvinner må framstilla seg sjølv som ressurssvake, psykisk ustabile og i ein vanskeleg livssituasjon for å få tilgang til viktige rettar og lov til å råda over eigne liv?

Illustrasjonsbilde: Meeting room at the Nokia office in Uxbridge, av K2 Space, CC BY 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content