Kollektiv analyse: Intervju med skeive med innvandrarbakgrunn

Denne veka har Elisabeth Stubberud og eg hatt workshop kor me har analysert intervjua frå det pågåande forskingsprosjektet “Queer Migrants in Norway“. Til dette høvet nytta me ein kollektiv analysemetode som eg prøvde ut for første gong i prosjektet Skeiv på bygda i 2014, og som eg no har nytta for femte gong. Med stort hell, om eg skal seia det sjølv!

“Queer Migrants in Norway” består av ei spørreundersøking med 251 respondentar og til saman 33 intervju med skeive med innvandrarbakgrunn. Måndag denne veka arbeidde me med det kvantitative materialet i lag med Henrik Karlstrøm og tysdag og onsdag var det intervjuanalyse som stod på dagsordenen.

Slik gjorde me:

Me hadde med oss samandrag av alle dei 33 intervjua som inngår i analysen, ei tjukk bunke A3-ark, eit hefte med skikkeleg store ark, teip og tusjar i fleire fargar.

Først gjekk me gjennom alle intervjusamandraga i tur og orden. Den som hadde gjort intervjuet fortalde og den andre skreiv ned hovudpunkt på eit ark og hengde dei opp på veggen. Me brukte omlag 10 minutt per intervju, så det heile tok nokre timar.

IMG_0940

Då me hadde gått gjennom alt kokte hovuda over av tema, idear, tankar, trådar og stikkord. Ein og ein plukka me det temaet som var lengst framme i medvitet, skreiv temaet på eit stort ark og byrja og notera ned stikkord i lag. Med ein gong me ikkje kom på fleire stikkord, så var det neste tema. Kvar sin tur. Etter ein times tid var det på tide å avslutta dagen, men då hadde me allereie fått ned ganske mange tankar på arket og kunne sova på resten.

IMG_0942

Dagen etter tok me opp tråden der me slapp dagen før og heldt fram med å skriva ned tema på store ark, henga dei opp på veggen og fylla på med meir konkrete stikkord, tankar, mønster og døme. IMG_0947

Neste trinn var å flytta dei store arka rundt om på veggen slik at me fekk gruppert dei emna som på sett og vis hang saman. Me kikka oss nokså nøgde rundt i rommet. Ja, dette gav meining. Men me såg ganske fort at dette ikkje kom til å fungera som kapittel.

IMG_0948

Kva kunne fungera som kapittel? spurde me oss sjølv slo fast at forteljingar om å koma ut (av skapet) gjev meining å ha som eit eige kapittel. Me fann fram eit nytt ark, skreiv opp “Å koma ut”, fann på ei førebels problemstilling for kapitlet, skreiv ned underoverskrifter og hengte arket opp på veggen. På denne måten heldt me på til me hadde seks kapittel på veggen og alle tema og undertema på arka på veggen var med i eit eller fleire kapittel.

IMG_0960

Siste steget i prosessen var å rydda kapittelarka i rekkefølgje og fordela arbeid mellom oss. Det vil seia bestemma kven som skulle byrja på kva når me no skal skriva rapport i vekene som kjem.

IMG_0968

Denne workshopen er startpunkte for vår analyse av intervjumaterialet. Vidare vil me koda intervjua (det vil seia merka tekstbitar etter kva kapittel og tema dei høyrer heime) i programmet NVivo og utvikla analysane medan me skriv. I løp av den prosessen vil me sikkert endra på både innhald, tema og struktur i rapporten. Men no når me har vore gjennom breidda i materialet i lag, så er det lettare å kjenna seg trygg på at arbeidet er grundig og har ei klar retning.

Bilde: Helga Eggebø og Elisabeth Stubberud.

I åra etter dette innlegget først vart publisert har eg vidareutvikla dette arbeidet og skrive meir om det her:

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content