#MeToo #2017

#MeToo-kampanjen står sentralt i oppsummeringane av året 2017. Time Magazine kåra varslarane, “The Silence Breakers” til “Person of the Year 2017”. Nokre profilerte kvinner pregar framsida av magasinet, men dei representerer alle dei millionane av kvinner og menn rundt om i verda som har delt sine erfaringar med seksuell trakassering og overgrep. Varslarane, som er alt frå profilerte Hollywoodstjerner til fattige fruktplukkarar, har alle brote “teieplikta” som dei av oss som har vore utsette for seksuell trakassering har kjend oss pålagde av oss sjølv og andre. Nok er nok.

UN Women oppsummerer året som gjekk ved å setta fokus på #MeToo og kvinnepolitiske milepælar i 2017, mellom anna Women´s March i januar kor 3,5-5,5 menneske i 58 land over heile verda marsjerte for likestilling. Marie Simonsen oppsummerte #MeToo-året 2017 med å erklæra dette som årets store revolusjon. Ho trekk dessutan parallellar mellom #MeToo og De skamløse: “Det handler om å ta kontroll. Men like mye om å ta kontroll og makt fra noen. Det er det noen som ikke liker. Noen stritter alltid imot. Noen synes det er vanskelig og smertefullt at denne erkjennelsen rammer noen som har makt. De vil ha mer tid på seg til å venne seg til at sextrakassering plutselig får konsekvenser for noen”.

Sjølv fekk eg lov til å vera med NRK Nordland og oppsummera året som gjekk, og snakka om #MeToo-kampanjen på God morgen Nordland, og peika mellom anna på at #MeToo har blitt ei kraftfull global rørsle som no fører til massiv samfunnsmessig endring.

Dersom eg no, ved inngangen av det nye året, skal drista meg til å presentera nokre tankar om 2018 så trur eg at at den globale rørsla som #MeToo sparka i gang vil setta sitt preg også på 2018. Folk har blitt røska ut av den bedøvande trua på at likestilling er noko me allereie har oppnådd. Trøkket nedanfrå held fram, fleire menn med makt må stå til rette for sine handlingar. Norske politikarar kan ikkje halda fram med å insistera på at forbodet mot seksuell trakassering ikkje skal handhevast. Det spørs dessutan om ikkje me kan få oppleva tilsvarande avsløringar og oppvakning også knytt til andre likestillingspolitiske spørsmål. Det blir spennande å sjå kva det blir!

Her på bloggen min har eg skrive mykje om trakassering, både før og etter #MeToo, som eg nyttar høve til å oppsummera i ekte nyttårsånd:

Unntatt håndheving

Norske politikarar må ta tak i den skandaløse mangelen på rettstryggleik når det gjeld seksuell trakassering. Seksuell trakassering er forbode, jamfør Likestillings- og diskrimineringslova § 13. Men oppsiktsvekkande nok er dette forbodet «unntatt håndheving». Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) handhever alle dei andre paragrafane i lova, men ikkje denne. Dei som blir utsette for seksuell trakassering kan altså ikkje klaga til LDO. I staden må ein sjølv bera den økonomiske risikoen det er å ta saka til retten. Her er sjansen for å vinna er liten, og risikoen for å måtta betala saksomkostningane er stor.

Den som tier samtykker

Dersom ein effektivt skal førebyggja og hindra seksuell trakassering i arbeidslivet er det heilt avgjerande at seksuell trakassering ikkje blir gjort til eit individuelt problem. Problemet er nemleg ikkje berre den som trakasserer. Og det er ikkje berre den som blir utsett som har eit ansvar for å seia frå. Alle har eit ansvar. Og det er leiinga sitt overordna ansvar å sørgja føre at alle medarbeidarar skjønar det. Den trakasseringa som #MeToo-kampanjen har avdekka kunne neppe føregått i stille så mange stader og over så langt tid dersom der ikkje hadde vore ein taus og samtykkande skare av medarbeidarar som visste, men ikkje sa noko.

Sex, politikk og rettstryggleik

“Mangel på rettsvern for valdtektsutsette fører til heftig debatt. Mangelen på rettsvern mot seksuell trakassering går under radaren”, skreiv eg i ein kronikk i Bergens Tidene i 2016. At seksuell trakassering er noko som går under radaren er definitivt ikkje tilfelle etter #MeToo, men dessverre er politiske tiltak framleis mangelvare på begge frontar.

#JegHarOpplevd

Hugsar de Twitter-kampanjen #JegHarOpplevd? I 2015 delte mange kvinner sine erfaringar med trakassering under denne emneknaggen. Då #MeToo vart sparka i gang trudde eg at denne også berre ville pågå nokre veker utan strukturelle og samfunnsmessige endringar. Men så feil kan ein ta…

Vi overser den seksuelle trakasseringen menn utsettes for

Skreiv eg i eit innlegg i Dagbladet i 2016. Dette har relevans også for #MeToo-kampanjen: “Menn opplever seksuell trakassering når de bryter med mannskulturen på arbeidsplassen. Det kan for eksempel være snakk om at man nedvurderes av kollegaer fordi man gjør omsorgsoppgaver i hjemmet som er assosiert med kvinner, eller fordi man protesterer mot seksuell trakassering av kvinner. Det kan også være snakk om ganske subtile nedsettende bemerkninger som at «kvinnfolk, og sånne menn som deg, hører ikke til her». Menn trakasseres i hovedsak av andre menn, og da fordi de ikke anses å være maskuline nok”.

Illustrasjonsbilde: #MeToo av Sharon Brogan, CC BY-NC 2.0.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content