Bondebønner er fantastisk mat. Kvar haust plukkar ungane og eg store grøne belgar i åkeren på Fenes. Eg opnar dei, og så får ungane jobben med å pella dei litt flate, kvitgrøne bønnene ut av belgen.
Eg har aldri sett ferske bondebønner i daglegvarebutikkar i Noreg, men eg har høyrd at dei har i boks i dei meir velassorterte butikkane i Bodø. Mogleg det går an å få tak i dei store belgane på uavhengige daglegvarebutikkar på Grønland i Oslo.
Min ven Marta Anna fortalde om kor ho saknar desse nydelege belgvekstane om sommaren. Då ho var lita pleidde dei kjøpa ferske bønner i eitkilosposar, koka dei i lettsalta vatn, og poppa lunka, lysegrøne bønner ut av det kvite skalet. Eg let meg inspirera, kokte lettsalta bønner til kvelds og konkluderte med at det var heilt nydeleg snacks til Nordlandspils.
Bondebønner veks og trivst i Nordland. Nokre år har eg hausta store mengder av denne smakfulle, næringsrike belgfrukta. Eg kunne lite og ingenting om å tillata og lagra bondebønner, så eg leita på nettet etter oppskrifter. Det var lite å finna.
Eg prøvde meg derfor på engelsk, «fava beans». På norsk blir det visst også kalla for hestebønner, bønnevikke og fevesbønner. Kjært barn har mange namn!
Etter desse undersøkingane fann eg også ut at det er heile 25 % protein i bondebønner. Glimrande vegetabilsk proteinkjelde, med andre ord, og det heilt utan å ultraprosessera, sentrifugera og blanda ut til kjøtfarseimitasjon.
Bondebønnene blir modne relativt tidleg i sesongen, planta er robust, gir god avling og passar svært godt til klimaet her i Nord-Noreg. Belgane blir det dessutan glimrande kompost av. Kvifor i alle dagar blir det ikkje dyrka bondebønner på matjorda i staden for å bygga fotballstadion eller kjøpesenter?
Eg innrømmer at det var eit retorisk spørsmål. Alle veit at landbruket er industrialisert, at me baserer matforbruket vårt på import, og at distribusjon av matvarer er organisert gjennom store kartell som driver prissamarbeid og har kontroll på heile produksjonslinja.
Landbruksvarer som fjærkre, storfe, egg, svin, lam, rein og korn (ja, faktisk også rein) blir promotert av marknadsføringsorgana “Opplysningskontoret for kjøtt og egg” og “Opplysningskontoret for brød og korn”. Desse reklameaktørane er eigd av næringa og driv nettsida MatPrat, med føremål om å auka konsumet av kjøt og egg.
Me veit at me burde eta meir grønsaker og belgvekstar av omsyn til folkehelsa og miljøet. Kva med å oppretta Opplysningskontoret for bondebønner? Med 30-40 stillingar finansiert gjennom offentlege skattar og avgifter skulle det kunna bli fart i produksjon og konsum av bondebønner!
Illustrasjonsfoto: Helga Eggebø.