Prat og politikk for likestilling

Der er mykje som manglar før me har likestilling i landet, slo regjeringa fast i Stortingsmeldinga Likestilling i praksis. Pussig nok hadde dei likevel ingen politiske tiltak for å løysa utfordringane. Det fekk dei på pukkelen for då Stortinget handsama meldinga i førre veke. Eg bloggar om saka på Maddam denne veka.

Då opposisjonen og støttepartia allierte seg i saka, gjekk Solveig og Horne på ein smell. AP, Venstre, KrF og SV fekk saman gjennom ei lang rekke forslag for å fremja likestilling. I motsetnad til regjeringa, vil opposisjonen ha ein politikk for likestilling, ikkje berre ein analyse.

Retoriske slagspark

Det var ikkje tvil om at opposisjonen hadde moro av å banka inn det eine retoriske poenget etter det andre. Høgre og FrP gjorde det lett for dei med å basera argumenta sine på anekdoter om eigne barn og ektemenn – frå havfruer og trylledrikkar til ei dotter som studerer teknologi. Ikkje minst må det ha vore tilfredsstillande å vedta ein bråte med kvoteringsforslag, av den sorten som Høgre og FrP er så ihuga motstandarar av.

Det handlar om å gjera noko når ein kan

”Det er det man gjør når man har mulighet til å gjøre noe, som avgjør”, erklærte Anette Trettebergstuen i debatten. Nokon burde ha minna ho om at likestillingsmeldinga som den raudgrøne regjeringa sjølv la fram i 2013 – Likestilling kommer ikke av seg selv – heller ikkje var mykje å skryta av. Også her var der presise skildringar, men tynt med gjennomføringskraft og vilje til prioritering. Skjeie-utvalet føreslo ein politikk for likestilling, men då AP satt med regjeringsmakt var det nok med prat.

Likestilling i arbeidslivet

Men retorikk og politisk spel er ikkje det viktige her. I fredagens kommentar i Dagbladet, trekk Marie Simonsen fram forslaget om ein trepartsavtale for likestilling – etter modell av IA-avtalen – som eit av dei viktigaste forslaga. Ein slik avtale vil, med høge ambisjonar og ressursar, kunna bidra til at likelønn, heiltidskultur og ikkje-diskriminering blir ein realitet i norsk arbeidsliv.

Seksuell trakassering

Eit anna svært viktig forslag er at skulane skal ha plikt til å arbeida mot seksuell trakassering. Seksuell trakassering er eit problem som stadig dukkar opp på dagsordenen når russetida nærmar seg, når nokon har gått over streken i forsvaret eller når personar med innvandrarbakgrunn har trakassert kvite kvinner på open gate. Men viljen til å gjera noko med dette, har så langt vore fullstendig fråverande. Det er to ting som er særleg påkravd når det gjeld seksuell trakassering: 1) Eit skikkeleg rettsvern og 2) førebyggingsarbeid blant barn og unge i skulen. Punkt nummer to er det no politisk fleirtal for, og det er viktig.

Kjønnsdelte utdanningsval

Ei anna heilt sentral likestillingsutfordring som opposisjonen tek tak i, er kjønnsdelte utdanningsval: På vidaregåande utdanningar der det eine kjønnet dominerer med 80 prosent eller meir, vil dei innføra kjønnspoeng. Men på dette punktet har ikkje AP og co forstått problemanalysen. Kjønnspoeng kan vera eit effektivt tiltak dersom det er kamp om å koma inn, og det er mange av det underrepresenterte kjønnet som nesten kjem inn. Men på dei mest kjønnsdelte faga i den vidaregåande skulen, som til dømes helse- og sosialfag og bygg og anlegg er ikkje dette tilfelle. Utfordringa ligg i at at jenter og gutar søkjer på svært ulike fag. Derfor føreslo Skjeieutvalet å innføra likestillingsstipend for utradisjonelle utdanningsval. Altså eit godt gamaldags økonomisk insentiv. Gulrot i staden for kvotering og statleg styring – det burde vera eit tiltak som Solveig Horne heilhjarta kunne støtta.

Skivebom

Men kjønnsdelte utdanningsval, seksuell trakassering og likestilling i arbeidslivet ser ut til å drukna i kommentarar om det klassiske kvoteringskontroverset. I ein kommentar i DN på torsdag, kritiserer Eva Grinde opposisjonen for kvoteringiver og manglande handlekraft. Ho tek feil på begge punkt. For det første er det ikkje eit utbreidd problem at kvinner i norske styrer kjenner seg stempla som mindre kvalifiserte på grunn av kvoteringslova, slik Grinde hevdar. Dette er dokumentert nyare forsking om effektane av kjønnskvotering i norsk næringsliv. For det andre tek ho feil når ho hevder at formuleringane ”Stortinget ber regjeringa vurdere….” vitnar om manglande handlekraft. Dette er utelukkande eit spørsmål om sjanger – det har ikkje mangla på gjennomføringskraft etter at Stortinget bad regjeringa om å ”vurdere endringer” i asyl- og innvandringspolitikken. Regjeringa kan viss ho vil.

Illustrasjonsfoto: Solveig Horne av Peace Research Institute, tilgjengeleg under CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content