Skrivepartner søkes

«Eg er ein samfunnsvitar på litt over 40 år som er glad i å skriva alt frå vitskaplege artiklar og rapportar, til essay, kronikkar og personlege tekstar. Til dagleg arbeider eg som forskar 1 ved Nordlandsforskning, og blant dei mange forskingsemna eg er interessert i er innvandringsregulering, likestilling, levekår blant skeive, aldring og metodeutvikling. Eg likar å jobba i lag med dyktige, inspirerande og hyggelege folk, og søkjer fast skrivepartnar.

Eg ønskjer meg ein likesinna person å ha faste skriveseminar i lag med. Du treng ikkje bu i nærleiken, for eg har god erfaring med å organisera skriveseminara på skjerm. Eg vil gjerne treffast minst ein gong i veka på eit skjermmøte for å snakka om og skriva på ein tekst i lag. Eg er heller ikkje framand for å ta eit felles skriveopphald ved høve!

Eg har etablert gode rutinar for skrivesamarbeid, og delar gjerne av mine erfaringar, rutinar og teknikkar. Alt eg ønskjer meg frå deg er å ha gode samtalar og skriveøkter, som gjev ei kjensle av inspirasjon, glød og vind i håret. Eg trivst med å skriva i lag med folk som er kreative, analytiske, kloke, reflekterte og likar og få ting gjort. Dersom du er ein sånn, og i tillegg er interessert i nokre av dei same emna som meg, så vonar eg du vil ta kontakt! Eg er nok heller gamal enn ung til sinns, så det er fint om du har både livserfaring og forskingserfaring».

P.S. Det er neppe lettare å finna draumeskrivepartnar enn andre sortar draumepartnarar. Det er mogleg du syns eg har urealistisk høge forventningar, men eg veit det finst opp til fleire av denne sorten i livet mitt. Kanskje teksten heller skulle heitt «skrivepartnarar sakna».

Foto: Karoline O.A. Pettersen

Her er to tekstar publisert i Forskerfoum som er inspirert av skriveseminar med Anne Staver og Elisabeth Stubberud.

Tårer og tekst
Skriveseminar

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content