Tapar gutane?

Gutane tapar i skulen. Påstanden er på ingen måte ny, men har blitt aktualisert av at Torbjørn Røe Isaksen har sett ned eit utval som skal finna ut kvifor jenter i snitt har litt betre karakterar enn gutar. Eg hadde sjølv nokså nyleg gleda av å delta i ein debatt om same spørsmål, og det slår meg at det kunne vore nyttig å rydda litt i fakta på bakken.

I den offentlege debatten kan gje inntrykk av at der er ei stor – og stadig aukande – gruppe gutar som gjer det dårleg på skulen, dropper ut av skulen og endar opp som samfunnstaparar utan arbeid. «Menn som ingen treng», for å låna ein boktittel av Frode Grytten. Men forskinga på kjønnsforskjellar i skulen, fråfall, på arbeidsmarknaden og lønnsstatistikken viser eit litt anna bilde:

La oss ta dette med skuleprestasjonar – og kva konsekvensar det får. Gutar har i snitt litt dårlegare skuleprestasjonar enn jenter, særleg på barneskulen og særleg i lesing. Jamfør Harriet Bjerrum Nielsen, som har forska på kjønn i skulen, er dette ikkje noko nytt. Dette har vore tendensen i dei fleste vesteuropeiske land sidan før 1950.

To kunnskapsstatusar om kjønnsforskjellar i skulen, utarbeidd av NOVA på oppdrag av Kunnskapsdepartementet, konkluderer med at lågare karakterar ikkje får konsekvensar for menn sin status og løn i arbeidsmarknaden. Trass i at jenter i snitt har betre skuleprestasjonar, så har menn i snitt høgare sysselsetting, høgare status og høgare løn enn kvinner.

Fråfallsstatistikken viser at 34 prosent av gutar og 24 prosent av jenter ikkje har fullført vidaregåande 5 år etter dei byrja. Samstundes viser tala at blant dei som ikkje har fullført vidaregåande, så slit jentene meir enn gutane med å få seg jobb. Blant dei unge som ikkje har fullført vgs er 63 prosent av kvinnene og 70 prosent av mennene i jobb.

Kvinner er i fleirtal på høgare utdanning og får i snitt betre karakterar. Likevel tener kvinner mindre enn menn, og menn dominerer i leiarstillingar og eliteposisjonar. Kvinner får altså i mindre grad lønns- og karrieremessig uttelling for gode karakterar og lang utdanning. Sagt på ein annan måte: Jentene må altså ha meir utdanning og betre karakterar enn gutane for å ha sjans i konkurransen om jobb, løn og karriere.

Men tilbake til skulen. Det er inga tvil om at ikkje alle ungar opplever at skulen er for dei. Ein del av desse er gutar. Mange er barn av foreldre som sjølv har låg utdanning. Det er nemleg sosial bakgrunn, altså foreldra sitt utdanningsnivå, som er den faktoren som har klart mest å seia for skuleprestasjonar. Men merkeleg nok har ikkje kunnskapsministeren frå Høgre sett ned eit utval som skal undersøkja kvifor barn med arbeidarklassebakgrunn gjer det dårlegare på skulen.

Det er all grunn til å ta på alvor at ikkje alle opplever at skulen er for dei. Det er også grunn til å ta på alvor at ein del unge slit med å koma seg inn på arbeidsmarknaden. Dette gjeld særleg unge med nedsett funksjonsevne og ungdommar med innvandrarbakgrunn. Psykiske helseplager og vold og overgrepserfaringar er viktige årsaker til ein del barn og unge slit i skulen og i overgang til jobb.

Det er kjempeviktig å finna gode tiltak. Tiltak for at skulen skal vera for alle. Tiltak for at alle skal ha eit godt læringsutbytte på skulen. Tiltak for at flest mogleg skal vera i arbeid. Men ein mytebasert debatt som utroper gutar og menn til samfunnets taparar er ikkje til hjelp.

Kjeldar:

Illustrasjonsbilde: Children at school av Lucélia Ribeiro, CC BY-SA 2.0.

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content