Utradering av likestillingsarbeidet?

Civita ønskjer ikkje at Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) skal driva det viktige arbeidet med å vera pådrivar for likestilling. Spørsmålet er kven dei då meiner skal følgja opp lovpålegget om aktivt likestillingsarbeid. Eg gesteblokkar for Maddam i dag. Les heile innlegget der. 

Civita framstiller saka som om pådrivararbeid er å fremja politiske standpunkt i den offentlege debatten. Dei er fullt klar over at pådrivararbeidet handlar om mykje meir (jamfør Civita-notat nr 21/2014), men det valde dei å ikkje seia noko om i Dagsnytt 18 onsdag. Men pådrivararbeidet er mykje meir enn å delta i debatt. Den kanskje viktigaste pådrivaroppgåva er å spreia kunnskap og rettleia slik at kommunar og verksemder er i stand til å gjera det aktive likestillingsarbeidet som Stortinget har pålagd dei å gjera.

Civita framstiller diskriminering som nokon som høyrer fortida til, og omtaler aktivt likestillingsarbeid som å «bøte på» fortidas synder. Dette er rett og slett feil. At diskriminering på grunn av etnisitet, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønn skjer i Noreg i dag, er et dokumentert faktum. Slik diskriminering er gjerne ikkje intendert, men ein konsekvens av struktur, kultur og umedvitne stereotypiar. Me får ikkje eit liberalt og ikkje-diskriminerande samfunn utan aktivt, systematisk likestillingsarbeid. Eg er derfor spent på kva tiltak Solveig Horne vil fremja i den varsla likestillingsmeldinga, når det gjeld å sørgja føre gjennomføringskraft i regjeringas likestillingspolitikk.

Illustrasjonsbilete: Likestillingsdebatt av Arbeiderpartiet, CC BY-ND 2.0

 

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content