Vald – eit likestillingsproblem?

Menn er utsette for størstedelen av dei politimelde valdsbrota. Likevel handlar regjeringas likestillingsmelding om den valden som i hovudsak rammer kvinner og jenter. Kva kan vera grunnen til det? Eg skriver for Kvinneguiden.no i dag.

Vald mot kvinner har vore ei viktig sak for kvinnerørsla sidan stemmerettskampen. Den nye kvinnerørsla på 1970-talet omdefinerte vald i nære relasjonar frå ”husbråk” til ”kvinnemishandling”. Dei sette vald mot kvinner på den politiske dagsordenen, og stod i spissen for utviklinga av hjelpetilbod og rettar for valdsutsette. Kvinnerørsla såg valden som eit uttrykk for og eit resultat av menn sin overordna maktposisjon i samfunnet.

Kvinner blir i langt større grad enn menn utsette for seksuell trakassering, valdtekt, alvorleg vald i nære relasjonar og partnardrap. Menn på den andre sida, er mest utsette for vald i offentlegheita, utøvd av framande på kvelds- og nattetid. Medan vald i offentlegheita vanlegvis blir omtalt som eit kriminalitetsproblem, er det tradisjon for å sjå på vald i nære relasjonar som eit likestillingsproblem.

Éi årsak til at alvorleg vald i nære relasjonar blir sett på som eit likestillingsproblem, er at langt fleire kvinner (9,2 %) enn menn (1,9 %) er utsette. Den alvorlege valden føregår dessutan i relasjonar prega av maktulikskap, der mannen kontrollerer den kvinnelege partnaren. Dersom valden er eit resultat av mangel på likestilling i parforholdet, skulle ein tru at der er mindre partnarvald blant likestilte par og i likestilte land. Men eksisterande forsking understøtter ikkje nødvendigvis den hypotesen.

Nokre studie tyder på at kvinner som har høgare sosial status enn partnaren er meir utsette for vald. Nokon studie tyder på det motsette, medan andre ikkje finn nokon samanheng i det heile. Dessutan er relativt likestilte Norden som har dei høgaste valdstala i Europa. Årsaka kan tenkast å vera at fleire rapporterer fordi vald er mindre tabu i Norden. Men ein kan uansett slå fast at vald i nære relasjonar ikkje har opphøyrd med auka grad av likestilling, slik kvinnerørsla på 70-talet håpa på.

Dei siste tiåra har vår forståing av likestilling endra seg. Likestillingspolitikken har tradisjonelt handla om kvinners situasjon. No er det meir fokus også på menn. Likestillingsomgrepet er dessutan utvida til å inkludera etnisitet, hudfarge, religion, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og funksjonsevne.

Eit utvida likestillingsomgrep er definitivt relevant for å forstå kven som er utsette for vald. 1 av 10 personar med nedsett funksjonsevne har vore utsett for vald eller trugsmål. Dette er langt fleire enn i resten av befolkninga. Jødar, muslimar og svarte blir, i likeskap med lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, utsette for vald fordi dei tilhøyrer minoritetsgrupper. Forskinga viser dessutan tydeleg at personar med dårleg økonomi, låg utdanning og rusproblem er langt meir utsette for vald enn befolkninga elles. Hovudbilde er at personar i ein marginalisert posisjon gjerne er meir utsette for vald.

Men same kva form for vald det er snakk om og kven som er offeret, er det i all hovudsak menn som er valdsutøvarar. Kva kan vera grunnen til det? Nokon vil meina at det er på grunn av fysikk og kjønnshormoner. Kritiske mannsforskarar derimot, har vist korleis vald gjerne blir sett på som ein naturleg og akseptert del av det å vera mann. Ein kultur som idylliserer menn som er sterke, usårlege og tar ein slåsskamp, bidrar til å oppretthalda valden. I så fall er endring i mannsrolla nøkkelen til å hindra vald.

Det er med andre ord ei rekke ulike samanhengar mellom vald og likestilling. For det første er det ein historisk tradisjon for å sjå vald mot kvinner som eit likestillingsproblem, fordi det har vore eit sentralt kvinnepolitisk spørsmål. For det andre viser forskinga, om enn ikkje eintydig, at der er samanheng mellom vald i nære relasjonar og graden av likestilling i familien. For det tredje blir minoritetsgrupper utsette for vald, fordi dei har ein marginalisert posisjon i samfunnet. Til slutt vil eg slå fast at fridom frå vald og overgrep er ein føresetnad for likestilling – forstått som samfunnsdeltaking på like vilkår.

Red button heart av Barbara Gilhooly, CC BY-NC-ND 2.0.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content