Hat mot kvinner er ikkje hatefulle ytringar

Hat mot kvinner og transpersonar er – jamfør straffelova – ikkje hatefulle ytringar.

I straffelova er hatefulle ytringar definert på denne måten: Med diskriminerende eller hatefull ytring menes det å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres

  • hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse,
  • religion eller livssyn,
  • homofile orientering, eller
  • nedsatte funksjonsevne

Dersom du trugar, hånar, remmer hat, forfølging eller ringeakt på grunn av deira kjønn og kjønnsidentitet derimot, er det ingen fare for å bli stilt strafferettsleg ansvarleg.

Då paragrafen om hatefulle ytringar først vart teke inn i straffelova på 1970-talet, omfatta han berre religion og etnisitet. Eit tiår seinare vart seksuell orientering også teke med, etter påtrykk frå homorørsla. I 2013 vart nedsett funksjonsevne inkludert i paragrafen. Paragraf 185 i straffelova omfattar dermed alle diskrimineringsgrunnlaga med unntak av kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Eg har ikkje sett noko prinsipiell grunngjeving for kvifor dei fleste diskrimineringsgrunnlaga er verna i denne paragrafen, men ikkje kjønn og kjønnsidentitet. Forskinga viser at transpersonar er særleg utsette for hets og trakassering. Me veit også at kjønnsbasert hat – i særleg grad hat mot kvinner – florerer på internett.

Er det berre tilfeldig – eit hendig arbeidsuhell – at kjønn og kjønnsidentitet ikkje er teke med? Eller er det sånn at lovgjevar faktisk meiner at hat på grunn av kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk er meir akseptabelt og mindre alvorleg enn til dømes hat på grunn av etnisitet og seksuell orientering?

Illustrasjonsbilde: violence sexism exclusion fear clarion alley, west mission, san francisco (2013), av torbakhopper, CC BY-ND 2.0.

Lesetips: Likestilling- og diskriminieringsombudet sin rapport om Hatytringer og hatkriminalitet.

 

1 thought on “Hat mot kvinner er ikkje hatefulle ytringar”

  1. Pingback: På liv og død - Helga EggebøHelga Eggebø

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content