Etter å ha vore ei veke på vinterfjellet er hjernen som ein nyvaska whiteboard. Alt som skulle vore gjort, hugsa, skrive og meint er viska vekk med snøen og vinden.
Å vera på vintertur – vandra på ski og overnatta i telt – er den beste ferien for meg. Ingen ting er så avslappande som å gli inn i vante turrutiner kor det ikkje skjer så mykje meir enn å gå, lage leir, lage mat, smelte snø, sove, riv leir og så gjenta i flest mogleg døgn.
Litt av grunnen til at det er så avslappande er sjølvsagt at dette ikkje er ny og spennande aktivitet, men noko eg har gjort mange gonger før; der er eit heilt sett med godt innarbeidde rutiner å kvila på.
Dei klart fleste tidlegare turane har eg vore i lag med Eli og Katrine – mine aller beste turkompisar. No kan eg konstatera at Marius – som turfølgje – er på høgde med dei beste damene mine. Og det seier ikkje så reint lite!
På nett denne turen var Saltfjellet vegen og målet. Fjellet er lett tilgjengeleg frå Lønsdal stasjon, som ligg omlag 500 meter over havet. Frå Steigen må det sjølvsagt bli bil – ettersom det ikkje nytter å ta toget frå der toget ikkje går.
Makan til fint turvêr har eg aldri vore borti! Med 3 av 6 dagar med fint vêr er det klart ny rekord. Lavmålet har vore på 2 halve av 16 dagar totalt. Men denne gongen – ikkje ei einaste natt med forstyrrande blafring av teltduk i kuling.
Stemninga var til tider heilt magisk: Blå og rosa snø i kveldinga. Stjerneklårt, mørkt og så vindstille at ein kunne tent eit stearinlys ute i 900 meters høgde, på vinteren, på snaufjellet. Men også dramatisk skydekke som flyter ned over fjellsida i fullmåneskin.
I det hovudet nok ein gong blir fylt opp av kvardag, telefonar, internett, plikter, hugselister og det som verre er, er det berre å klamra seg til tanken på at det berre er nokre skarve veker til påske!
Foto: Helga Eggebø. Med fornya inspirasjon etter fotokurs med Karoline O.A. Pettersen.
Spennende bilder fra Nordlandsnaturen ei vinterdrakt! Bodil
Flott tekst og enda flottere bilder!
Ett dags fotokurs må ha vært fantastisk