Solbærbladsaft

Kva er det som er betre enn solbærsaft? Jo, solbærbladsaft! Og mykje enklare å laga er det også – og sesongen er no!

Det var Maria Almli som introduserte meg for konseptet solbærbladsaft – og mjødurtsaft og geiteramssaft for den saks skuld. Men nett i dag var det solbærbladsaft som stod på menyen.

Maria, Bjørn, Marius og eg treftes til utemiddag på Nordskot i ettermiddag. Ferske reker og steikt uer på brødskiver – fortært i strålande solskinn med utsikt over Lofotveggen. Det heile vart servert med ein dunk solbærbladsaft. Enden på visa var at eg drakk opp mesteparten.

På veg heim stakk Marius og eg innom ein gamal hage med solbærbuskar – som Maria let oss få lov til å hausta av. I løp av ikkje alt for mange minutt hadde me plukka 10 liter blader, og det er haugen på nok.

Solbærbladsaft 1

Jamfør oppskrifta eg fann på nett er det slik du gjer det:

  • 10 liter solbærblad
  • 10 liter vatn
  • 80 gram sitronsyre
  • ca 16 dl sukker

Skyll bladene. Kok opp vatnet og rør ut sitronsyra i vatnet. Hell den varme blandinga over bladene. La stå kaldt over natta. Sil av bladene, ha i sukker og kok opp. Ha på flasker, melkekartongar eller anna, og putt i frysaren.

Skål!

Foto: Helga Eggebø

6 thoughts on “Solbærbladsaft”

  1. Nokre oppdateringar på oppskrifta: Maria Almili tipsa meg om at ho ikkje brukar å koka safta opp etter at bladene har trekt. Det trur eg er lurt, så eg gjorde det slik sjølv også. Vil elles nemna at eg syns det er litt mykje syre i denne oppskrifta og vil derfor tilrå å byrja med litt mindre og heller smaka til. Ho kan dessutan også gjerne stå eit par dagar i stadenfor berre ei natt.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content