Steigens skjærgård

“Dette må vera den vakraste staden på jorda!” Orda berre glapp ut av meg då eg – frå øverste dekket på hurtigbåten – for første gang skuva ut over skjærgården i Helnessund. Berre månader seinare hadde eg ankra opp i Steigen – kanskje for godt.

IMG_7731

Innseilinga til Helnessund er magisk. Brennviksfjella tronar mektige og majestetiske rett opp av havgapet. Der inne ligg Brennvikssanden – ei rund og mjuk stripe sandstrand mellom havet og dei svarte berga.

Steigen. Utsikt Brennvika

Hundrevis av holmar og skjær omkrinsar sørsida av Leines – eller Leiranger, som halvøya heitte før. Kvar einaste holme inviterer gjestmildt på besøk. På dei korallkvite strendene er det lett å gå i land, og sandbotnen fargar det krystallklåre havet grønt og turkis.

IMG_6982

På grunnene veks blåskjell og kråkebollar om kvarandre. Sjøstjernet dekkar botnen, og ligg du stille og duppar i vatnet ser du gjerne torsken siga rundt i det klåre vatnet.

IMG_5280

Heile denne vakre skjærgårdsidyllen ligg berre eit par steinkast utføre husa, fiskemottaket og bryggene i Helnessund. Her treng ein ingen Rib for å ferdast trygt. Småbåtar og kajakkar gjev deg lett tilgang til herlegdomen.

IMG_6420

Den urørte og lett tilgjengelege naturrikdomen ein finn rundt seg på alle kantar, er hovudgrunnen til at eg vil bu i Steigen. For friluftsentusiastar som meg er dette paradiset. Det urørte er stikkordet for dei som kjem langvegsfrå for å vitja Steigen.

IMG_5733

Også for dei av oss fastbuande som er noko mindre friluftsinteresserte, er naturen rundt oss av stor verdi som ei vakker ramme for kvardagslivet. Godt kvardagsliv omkrinsa av vakker natur er det me freistar potensielle nye innbyggjarar med, mellom anna gjennom det vellukka tilflyttingsprosjektet Lev på Leines.

For meg er det derfor heilt uforståeleg at kommunestyret i Steigen går inn for ein arealplan der det skal tilretteleggast for utbygging av 400 private hytter i skjærgården. Med ei hytte på kvar einaste sandstrand og bryggeanlegg på kvar ein holme, vil skjærgården bli fullstendig privatisert.

Naudsynte inntekter for ein fattig kommune, blir det hevda. Kommunestyret har openbart ikkje sett på den heilt nye forskingsrapporten bestilt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som viser  at hytteutbygging kostar meir enn det smakar for kommunane.

Vekst i næringslivet, seier andre. Til gangs åt kven då? Er det småentreprenørar frå Steigen eller internasjonale selskap som har kapasitet til å vinna anbod i milliardklassen? Vil utbygging og privatisering av det beste me har å by på skapa større eller mindre potensial for turistnæring i Steigen? Dette er det ingen som har undersøkt.

Dersom ein for alvor har tenkt å gje vekk uvurderlege fellesskapsressursar for at eit par hundre byfolk skal kjøpa ein Solois på butikken og ei pils på brygga i sommarhalvåret, så minner det mistenkjeleg om å selgja landet sitt mot glassperler og eldvatn.

Med kva rett vil kommunestyret – til evig tid og på tvers av nasjonal lovgjeving – gje vekk fellesskapets ressursar til kapitalsterke utbyggarar sørfrå? Ikkje i mitt namn.

Foto: Helga Eggebø

 

5 thoughts on “Steigens skjærgård”

  1. Monica Høgseth

    Godt at du setter ord på det jeg tror mange er enige i. Det er flere som deler ditt syn men som ikke når ut med sine meninger. Flertallet av befolkningen i Steigen deltar ikke i debatten på “Steigartinget”, deres meninger er minst like verdt å lytte til.

  2. Er det virkelig tilfelle at at Steigens største rikdom skal raseres. Dette må stoppes, ei farlig utvikling med slike oppkjøp. De er personer som kun tenker penger til egen gevinst. Og så får de det til å høres ut som de gjør ei velgjerning for kommunen. Uforståelig at politikerne ikke ser hvilken tragedie de tilrettelegger for. Gevinsten blir null. Dette vil kun føre til tap for befolkningen i Steigen og for senere generasjoner

  3. Ingar Tollum Andersen

    Kan bare si meg hjertens enig, og gi min fulle støtte til det du har skrevet. Dette er natur-terrorisme! Et irreversibelt inngrep som ikke kan korrigeres. Det er ubegripelig at en person som foreslår dette for egen vinning, og et tannløst kommunestyre blendet av finpolerte forslag fra en ‘storkar’ kan ha samvittighet til å i det hele tatt vurdere å rasere våre etterkommeres arv på denne måten. Skammelig! Siste ord er ikke sagt!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

The owner of this website has made a commitment to accessibility and inclusion, please report any problems that you encounter using the contact form on this website. This site uses the WP ADA Compliance Check plugin to enhance accessibility.
Scroll to Top
Skip to content